Skrevet av Janne Søvik, ordførerkandidat og gruppeleder Rauma Arbeiderparti

Arbeiderpartiet vil at alle skal ha like stor sjanse til å lykkast, derfor er kvinnedagen 8.mars så viktig.

Likestillingskampen er ikkje over. Vi må alltid ha fokus på, og jobbe for, eit likestilt og fritt samfunn. Sidan den arbeidarpartileda regjeringa tiltrådte i oktober 2021, er det blitt jobba godt. Det er sett i gang mange tiltak på likestillingsfeltet.

Framleis er det slik at fleire kvinner enn menn jobbar deltid. Kvinner har lang lavare lønnsinntekt i forhold til menn og det er store kjønnsforskjellar i svært mange bransjar. Mange deltidsstillingar gir i tillegg mindre stabilitet og gjer det vanskelegare å skape sterke fagmiljø. Arbeiderpartiet meiner at heiltid skal være hovudregelen i arbeidslivet og har styrka arbeidsmiljølova for å sikre dette.

Allereie frå nyttår i fjor innførte regjeringa pensjon frå første krone. Det betyr at eit langvarig urettferdigheit i pensjonssystemet er retta opp og at arbeidsfolk får spart opp pensjon frå første krone. Dette er eit løft først og fremst kvinner og deltidstilsette i varehandel, privat tenesteyting, hotell og restaurant. Det betyr at dei endeleg  vil få same pensjonsopptening som andre.

I dag er berre to av ti styremedlemmer i private selskap kvinner. Sju av ti aksjeselskap har berre menn i styret. Dette er ikkje i tråd med tida. Næringslivet må bli flinkare til å bruke kompetansen til heile befolkninga. Arbeiderpartiet meiner at mangfald er ein styrke på arbeidsplassen. Tida er inne for endring og regjeringa har lagt fram ny eigarskapsmelding med skjerpa forventningar til arbeidet med likestilling og inkludering i selskap med statleg eigarandel.

Regjeringa sender ut kvinnehelseutvalets eiga utredning til høyring på sjølvaste 8. mars. Engasjement og kunnskap for betre kvinnehelse blir løfta fram og vi får ein kvinnehelsestrategi. Strategien blir lagt fram i 2024, men allereie no er det arbeid i gang for å forbetre tilbodet til kvinner med endometriose, for en meir samanhengande svangerskapsføde- og barselomsorg og for at kunnskapen om kvinnehelse skal bli betre kjent blant helsepersonell.

Vold i nære relasjonar utgjer ei stor likestillingsutfordring. Førre veke mottok vi rystande tal som viser at det siste tiåret har unge kvinner som blir utsett for valdtekt dobla seg. Alvorlege seksuelle overgrep foregår og det er særleg kvinner som blir ramma. Friheit frå vald, overgrep og trakassering skal gjelde overalt. Det å forebygge negativ sosial kontroll og vald handlar om å ivareta grunnleggande rettar, sikre friheit og likestilling for alle. Regjeringa vil legge frem en opptrappingsplan mot vald og overgrep mot i nære relasjonar.

Regjeringa har også oppnemnt eit Mannsutval som skal gi ei heilheitlig oversikt over kva likestillingsutfordringar gutar og menn møter gjennom livsløpet, her er det og foreslått tiltak som vil bidra til et meir likestilt samfunn.

Likestillingsarbeidet blir praktisert gjennom små val kvar einaste dag både i arbeidsliv, samfunnsliv og i familieliv.