Eg er ikkje ein handlingens mann, på den måten at eg har glede av å gå i butikkar og kikke på varer og kjøpe eit eller anna. Og eg blir frustrert av å vere i store butikkar og kjøpesenter med enormt utvalg av varer, og sjå korleis andre draksar og slit med seg store, tunge handleposar. Eg blir då totalt handlings-lamma, og må berre finne meg ein benk å sitte på. Til eg har så vondt i bakenden og ryggen at eg berre må handle, - ein pakke paracet.

Det er likevel slik at eg handlar, når eg treng det. Og då handlar eg lokalt, nesten utan unntak. Matvarer, deodorant og diesel og slikt kjøper eg på Rødven Handelsforening, butikken som har vore i krise sidan 1869, men som greier seg så vidt fordi eg og nokre til er lojale mot han. Tre vareslag har dei ikkje i Rødven; falukorv, surstrømming ( 20 – 30 boksar ) og matjessild i spann. Dette har dei heller ikkje i andre butikkar i Noreg, så eg må kjøpe det i Sverige.

Det dei ikkje har i Rødven, finn eg på Åndalsnes. Møblar, byggevarer, maling, høyreapparatbatteri, godlukt, bøker, sko, elektriske verkty og apparat, julegåver til kona, settepoteter, gjødsel, bilar og gåver i tinn. Det er greitt å handle der. Møblane og byggevarene ( td. trematerialar, sement, golvbelegg m.m.) får eg køyrt heilt heim. Slik sørvis har stor verdi for ein gammal mann. Bilkjøp på Åndalsnes sidan 1973 har gitt meg rask og god sørvis i 42 år.

Har dei alt eg treng på Åndalsnes ? Nei, ikkje rett alt. Men det dei ikkje har, kan dei som oftast få tak i. Og er det ikkje råd å få tak i det, finn eg ganske fort ut at eg heller ikkje har så stort behov for det. Ein lukkeleg resignasjon.

Kva er så grunngjevinga for ein slik nasegrus lojalitet?

1. Eg likar ikkje å køyre bil, og kan ikkje tenkje meg å køyre ein kilometer ekstra for å kjøpe noko eg kan kjøpe ein kilometer nærare.

2. Eg likar å treffe folk på butikkane som eg kjenner, slå av ein liten prat, seie noko dumt eller morosamt, og avslutte handelen med eit skratt.

3. Å bruke lokale butikkar gir meg stor tryggleik; aldri har nokon forsøkt å lure meg her i kommunen ( sjølv om det burde vere ganske lett ).

4. Det er viktig for meg, og truleg for mange andre, at vi har nærbutikkar og eit spekter av butikkar i kommunesenteret.

Eg har høyrt om og lest om folk som er så arge på kommunepolitikarar i Rauma at dei trugar med å reise til Vestnes og Molde, ja til og med til Ålesund for å handle der, berre for å hemne seg. Eg har brukt mange timar i intens grubling for å forstå denne logikken, utan å lukkast. For kven er det dei hemner seg på? Jau, handelsnæringa i kommunen, - og til sjuande og sist; alle oss i Rauma som av og til treng å kjøpe noko.

Per Arne Skomsø