Kommunereforma, eller heller storkommunereforma, opptar mange sterkt. Signert intensjonsavtaleavtale (IA) mellom 8 Romsdalskommunar skal godtakast eller forkastast av dei respekive kommunestyra (KS).

Intensjonar gir berre uttrykk for tankar og ønskje i ei viss retning. Mest konkret er namnet og at den politiske og administrative MAKTA skal samlast i rådhuset i Molde. Det manglar ikkje på god vilje til å ta omsyn til alle utkantar i storkommunen.

Realiteten er at alle parti som skal stille til val i ei eventuell ny eining, ikkje er bundne av det som står i IA. Eg åtvarar mot å tru at alt blir slik det er framstilt. Det kjem budsjettkampar der organisering, oppgåveløysing og prioritering både medfører skroting og justeringar. Og det er svært uvisst kva som blir att av fagadministrasjon (arbeidsplassar) i dei gamle kommunesentra. Oppnår ein ønskt effektivitet ved slik spreiing? Eller er dette berre lokkemat for å komme i gang? Hugs det er NYE KS som avgjer!

I Romsdals Budstikke (RB) av 21.mars listar Raumaordføraren opp mange fordelar Høgre i Rauma trur skal bli resultatet av ”storkommune”. Elles har eg merka meg at dette er eit konsept Høgrepartia i nedslagseltet brukar. Om det er eit pliktløp for å støtte eigen minister, veit eg ikkje.Pådrivarar og debattantar for storkommune viser til behov for sterke sentra, urbanisering og kulturtilbod. Men kvar skal folket som skal bu og skape vekst i sentrum av storkommunen komme frå? Sterk sentalisering har vi hatt lenge, og no skal det skje ennå raskare. Det bør vere innlysande at skal sentrum i storkommunen vekse, vil det skje på bekostning av utkantkommunane. Når storkommunetilhengarane viser til ”By og land, hand i hand” og kor viktig det er for byen å ha eit sterkt omland, har eg problem med å skjønne logikken. Eller ser ein så stort på det at omlandet til Molde etter 2020 blr Ålesund og Kristiansund?

Slik ordføraren ordlegg seg, er det ingen motforestillingar. Og det er tydelegvis heilt greitt å flytte makta til rådhuset i Molde. Det blir mange offentlege arbeidsplassar som forsvinn frå Åndalsnes, og kva ressursar blir att for å oppretthalde eit handels-og sevicesenter? Er det grunn for å tru at NAV vil halde fram med kontor i Åndalsnes? Blir opphør av Rauma som eigen kommune ei gåvepakke til politimesteren når han skal bestemme kvar lensmannskontora skal vere? Vil kantinedrifta i rådhuset med arbeidsplassar for fc-hemma kunne oppretthaldast? Berre for å nemne nokre arbeidsplassar som kan gå med i dragsuget.

Ein eventuell storkommune vil bli eigar av Rauma Energi. Mange rasjonelle grunnar talar for samanslutningar i energisektoren, og det vil ikkje overraske om dei fleste arbeidsplassane der etter kort tid hamnar i Plutovegen der Istad kraft held til. Ein montørbase på Øran er truleg det beste ein kan håpe på.Kva vil skje med samarbeidet mellom Nordveggen AS og RK? Er det pårekneleg at storkommunen vil vidareføre eit slikt samarbeid i ein del av ein ny kommune?Ein kommune med sitt kommunesenter og sin sentraladministrasjon er ein viktig faktor for utvikling og trivsel. Arbeidsplassar er viktigaste faktor for kvar folk vel å bu. Ei flytting av offentlege arbeidsplassar, som dreg andre med seg, vil over noko tid redusere folketalet sterkt i noverande Rauma. Er det verkeleg slik vi vil ha det? Korleis ein kommune lukkast med sitt arbeid for utvikling og trivsel, blir regelmessig målt av SSB. Regelmessige statistikkar viser folketalsutviklinga. Resultata frå desse er den mest brukte indikatoren på om ein lukkast eller ikkje.

Blir det storkommune, vil vi ikkje lenger ha denne regelmessige påminninga og påtrykket for å satse sterkare, for Rauma eksisterer ikkje lenger! Rauma vil stå i fare for å avvikle seg til å bli ein stad med mange fritidsboligar, eldreboligar, eit gamalt rådhus med lys i 1.etasje , bensinstasjon og daglegvarebutikk. Ei utvikling som følgjer vegen høna sparkar, vil mangle statistisk referanse. Er det kanskje ønskjeleg å sleppe nedslåande informasjon?

Vi som er skeptiske til Sanner sitt kommuneprosjekt, blir av sterke pådrivarar hevda å ha byskrekk. Ja, eg vil ikkje nekte for det. Men byskrekken er ikkje avgrensa til folk i utkantane. For eit 10-år tilbake var det eit tilsvarande reformframstøt, men då om å skipe større og færre regionar. Det var då mange i maktposisjonar i og kring Molde som viste stor skrekk mot Trondheim eller Bergen. Og no har Sanner gjenoppliva denne skrekken!

Min byskrekk vart nok forsterka då eg las referata frå forhandlingane og registrerte kor rask Moldeordføraren var til å parkere Romsdal som nytt kommunenamn, jfr. RB 25.03.16. Var det noko problem å prinsipalt gå inn for Romsdal, men med alternativ Molde dersom Rauma og Vestnes slo seg i lag?

Profileringsopplistinga i pkt 5.1 ga heller ikkje mykje lindring. Når Moldejazz og MFK har fått sitt, spørs det kor mykje energi som blir att for resten. Og at ikkje Romsdalseggen og Tindesenteret var å sjå på lista, gjorde ikkje situasjonen betre.I RB 21.03.16 innrømmer ordføraren at Rauma på kort sikt kan klare seg . Eg legg til grunn at ”kort sikt” i det minste betyr 3-4 KS-periodar. Kvifor slik hast med å skrote Rauma og gå inn i ei ny kommuneeining som er så mangelfullt utgreidd? Trur ordføraren at 2016 er siste året i historia for å endre kommunegrenser?

Nei, bie litt, herr ordførar! Eg trur Moldeordføraren på eit seinare tidspunkt vil sjå det som ei gåvepakke i strevet med å redusere gapet i folketal i forhold til Ålesund dersom Rauma ønskjer samanslåing. Og ein IA som er mindre konkret og med mindre sikre utsikter for Rauma, er det neppe grunn til å frykte!

Ole S. Dahle