Skrevet av Jan Peter Valde, ordførerkandidat Rauma Senterparti

Eg viser til Anders Øverbø sitt gode innlegg i avisa den 25.05.2023 med spørsmål om «Kva er ein god Ja-kommune? Ein god Ja-kommune er ein kommune som utnyttar muligheitene og ressursane der dei fins. Ein god Ja-kommune er ein kommune der alle er trygge. Tryggheit for at familie og vener har gode tilbud i nærmiljøet, at vegane våre er trygge å ferdast på, og at ein har ein jobb å gå til som er utviklande og interessant. Tryggheit på at ein får hjelp når ein treng det, enten når skader oppstår eller om ein møter kriser og endringar i livssituasjonen.

Rauma Senterparti vil arbeide for at Rauma kommune skal være ein kommune som seier:

Ja, til tryggheit for alle i Rauma

Ja, til trygg og forutsigbar eldreomsorg

Ja, gode trygge oppvekstvilkår for barn

Ja, til oppmuntring og ros

Ja, til å dele

Ja, til privat initiativ

Ja, til likebehandling

Ja, til eit godt og oppdatert planverk

Ja, til forutsigbar og rettferdig skatt på næringslivet

Ja, til skatt etter evne

Ja, til bærekraftig reiseliv

Ja, til meir rein lokal matproduksjon

Ja, til bærekraftig naturvern

Ja, til alle som gir av seg sjøl

Ja, til å stå sammen om å utvikle og skape verdens beste kommune for alle