Johannes Kosberg skriver dette til oss: I en stille morgentime fant jeg kopi av et innlegg i Sunnmørsposten som dikterpresten Anders Hovden hadde skrevet i forbindelse med åpninga av Raumabanen.  Kunne dette være noe å ta inn i avisa som et apropos til den situasjonen som transportnæringa og landets økonomi er i nå?

(Utdrag av eit avisinnlegg i Sunnmørsposten)

Austlandsbrev

Ein stor Noregs dag vert det no Raumabana vert opna. Gildt å hatt fått vore med. Ja, Mørejarlen, Odm. Vik, har bede meg, men, men – tida tillæt meg ikkje ei slik ferd på denne årstid. Haust og vår er det mest bruk for prestane heime.

Raumabana vert eit av dei store vidunder i verda. Det er villare å fara der enn med sjølve Bergensbana. Make til fjellgard vil ein knapt få sjå, fyrst Hornet og Vengestindane, og so det mest storslagne: Trolltindane like innpå seg, og so denne runddansen inni fjellet. Eg totte det var gildt å fara der i sumar.

No bør fisken der vestanifrå koma like aust til landegrensa. Tenk, um me nordmenn her aust no vilde vera so norske, at me let vera å kjøpe all denne fisken frå Danmark og heldt oss til vår eigen fisk! Fisk hev me då nok av i Noreg!

Men frakta, den er so dyr. Skulde ’kje staten, i fyrste tid i alle fall – til å få handelen i gong – setja ned fraktprisane for fisk på Raumabana og andre linjor til Austlandet? Det ville visseleg vera god økonomi i det.

Toten, 28. nov. 1924 Anders Hovden (P.S. Innviingsfesten var 29. nov. 1924)