Skrevet av Edmund Søvik

Eg ser at Kartverket ventar på høyringssvar frå kommunen om desse namna.

Eg les Aage Wold sitt innlegg, og er fullstendig enig med han. Enno er ikkje alle Jomsvikingane daue (gamle måndalingar).

Kva namnet Kjøsa kjem av, kan sikkert diskuterast, men det kan godt komme frå fasongen på fjellet som kan minne om ei kyse, lita hue. Då er det hokjønnsord.

Kvifor kommunen ikkje svarar, kan ein undrast på.

Kven er «kommunen»? Dette er vel ei oppgave for avisa å finne ut.

Eg foreslår at innlegget til Aage blir brukt som kommunen sitt høyringssvar. Det er gjort med nokre tastetrykk, så sparer dei tid.