Skrevet av Magnhild Vik (Sp), varaordfører i Rauma kommune

Tysdag kveld kom sakspapira til formannskapsmøtet den 11. mai, der kommunedirektøren legg fram ei sak om skulestruktur som svar på ei bestilling frå kommunestyret: Denne gjekk ut på at skulestrukturen skulle ligge fast som no i åra framover.

Samme kveld så kan ein lese på Facebook: «GJENNOMSLAG!» «Alle skoler i Rauma beholdes som i dag». Videre kan vi så lese at Rauma Høgre har lykkast med å få gjennomslag for at ingen skular skal leggast ned i Rauma i kommande kommunestyreperiode!

Eg må innrømme at øyenbryna heva seg ein del. Ikkje berre fordi at dette er heilt ny retning for partiet Høgre i Rauma, men også fordi det ikkje har vore noko politisk møte der det har vore diskutert skulestruktur enda. Så då blir spørsmålet: Kor har Høgre fått gjennomslag?

DELTE MENINGER: Innlegget har fått både positive og negative reaksjoner i sosiale medier. Foto: Skjermdump, innsendt

Sist dette var debattert var blant anna i desembermøtet i 2021, då vi vedtok budsjett og økonomiplan. I dette møtet ville Høgre legge ned ungdomstrinnet i Måndalen, men vi i SP, SV, MDG, PP og Ap la inn videre drift i budsjettet og økonomiplanen. Høgre – som einaste parti – stemte mot! Det same skjedde i desembermøtet i 2022, her var forskjellen berre at Høgre ikkje hadde noko eige forslag til vedtak, og stemte mot det vi foreslo. Dette kan vi lese i protokollane frå møta. Og det er det ikkje alle som er interesserte i å gå inn i, sjølv om mange følger godt med i det som skjer i lokalpolitikken.

Det eg lurer på vidare er: korleis skal vi folkevalte kommunisere ut til folk i Rauma kva vi vil, kva vi har fått til, kva vi vil jobbe med?

Eg har registrert at redaktøren i lokalavisa skal rigge seg med popcorn og påskegodt for så å følgje med på spetakkelet ( jfr leiar i avisa 11.04.23). Og dersom denne måten å prøve å innkassere politiske poeng på blir vanleg, så blir det heilt sikkert spetakkel.

Det hadde vore interessant å lansere overskrifta:

«SENTERPARTIET HAR FÅTT RAUMA UT AV ROBEK-LISTA 2 ÅR FØR PLANEN!»

Det er sant, fordi vi har det i vårt program at vi skal ut av ROBEK. Vi har sitte i posisjon dei 4 siste åra. Vi har lagt ei plan og følgt den så godt vi har kunna, i tillegg har vi prøvd å effektivisere drifta vår.

MEN vi må vel kanskje innrømme at skatteutjevningsmidlar og andre ekstra inntekter er grunnen til at Rauma kommune kan betale ned nærare 30 mill ekstra på gjelda, slik at vi berre har litt over 10 mill igjen.

Eg trur ikkje overskrifta hadde fått stått lenge i fred.

Det er derimot også mange som ikkje går så djupt inn i detaljane, og for dei blir dette «sant». Då hjelp det ikkje å komme med motargument langt nede i ein tråd i eit kommentarfelt. Når ikkje ein gong folk som Monica Molvær (Ålesund Høgre sin ordførarkandidat ) og Kathrine P. Beite (Tidlegare politisk rådgjevar i Nærings- og fiskeridep.) les motargumenta, men kommenterer at dette var bra jobba, er det svært betenkeleg. For innlegget inneheld jo i beste fall berre eit snev av sannheit.

Eg ønskar meg ikkje spetakkel, men gode debattar om saker som er viktige for kommunen vår og oss som bur her, basert på fakta. Avgjorte i eit demokratisk møte. Velgarane fortjener såpass respekt.

For ordens skuld definisjon på fake news: «Falske nyheter er en unøyaktig, noen ganger oppsiktsvekkende rapport som er laget for å få oppmerksomhet, villede, lure eller skade et rykte. I motsetning til feilinformasjon, som er unøyaktig fordi en reporter har forvirret fakta, skapes falske nyheter med den hensikt å manipulere noen eller noe. Falske nyheter kan spre seg raskt når de gir desinformasjon som er på linje med publikums synspunkt fordi slikt innhold sannsynligvis ikke vil bli stilt spørsmål ved eller diskontert.» Kilde: Techtarget.com