Som (forhåpentleg midlertidig) utflytta raumaværing har eg den siste tida registrert at dei fleste som uttalar seg om valresultatet og etterdønningane er noverande og tidlegare politikarar i kommunen. Men kva med dei som ikkje har vore til stades på tidlegare Rauma Energi- og formannsskapsmøter? Kva med dei som ikkje er vener med nokre av partane og som ikkje kan seie til andre at «hadde du berre visst litt meir så hadde du forstått»? Kva med dei som berre kan ta utgangspunkt i det som blir skreve i media og kva naboen trur han eller ho har høyrd?

Grunnlaget for å kunne gjere opp ei sjølvstendig meining i denne saka er syltynt. Skal ein gå ut ifrå at alle i konflikta har gode grunnar, kan me like gjerne halde med alle partane i dette valdramaet. Då vert det utslagsgjevande om ein personleg kjenner nokre av hovudpersonane. Det gjer ikkje eg.

For det er viktig at veljarane gjer seg opp ei meining om situasjonen. Det handlar om folkevalde politikarar og difor er det kritikkverdig at mykje av informasjonsgrunnlaget til veljarane baserast på kva ein har fått med seg frå ryktebørsen. I første rekkje røyster me på politiske parti, dernest kjem personrøyster og slengarar. Politikken kjem altså i første rekkje, og når politikarar har latt mandata sine bli påverka av personlege tvistar så er ikkje saka lenger intern. Det er politikarane som har latt valet bli ei personleg affære, og veljarane er dei uskuldige som vert råka.

Eg ynskjer at veljarane får den informasjonen me fortener frå våre folkevalde. Difor er det for meg uforståeleg at partane ikkje kjem med klare svar på kva dei meiner er grunn til konflikt. Om dette går ut over enkeltpolitikarar som Nauste og Kjølmoen burde vere knakande likegyldig for veljarane, fordi det er politikarane som er til for folket og ikkje motsett. I denne situasjonen må me «uvitande» veljarar rett og slett basere argumenta våre på faktiske hendingar. Då er det opp til partane i konflikta å gje oss eit nyansert bilete.

Line Horvli

Student i Trondheim, soknar til valkrinsen Rauma og er ikkje medlem av noko politisk parti.