Møre og Romsdal Fylkeskommune og Nasjonal Rassikringsgruppe arrangerer rassikringskonferanse i Geiranger 6. og 7. april.

Her sett vi rassikringsproblematikk, beredskap og finansiering på dagsorden, og vi får sjå og høyra eksempel, samt at vi skal på befaring på inn til Geiranger.

Vi har fått gode foredragshaldarar frå bl.a. Statens vegvesen og Stortinget, så dette bør vera av interesse for alle som er opptekne av samferdsel og rassikring.

Geirangerfjorden er på UNESCOs verdsarvliste og er blant Norges største turistattraksjonar. Under konferansen får vi høyra kva turistnæringa sjølv seier om rassikring, og kor viktig det er med trygge vegar også for reiseliv og turisme.

Nasjonal Rassikringsgruppe har som målsetting at det offentlege vegnettet skal vera rassikra innan 2030. Dette meiner vi er oppnåeleg med ei auke i rassikringsmidlande som innafor det moglege. Delta på konferansen og ver med å halde trykket oppe på sikring av norske vegar.

Nasjonal Rassikringsgruppe består av ein medlem frå kvar av dei ni mest rasutsatte fylka i landet: Rogaland, Hordaland, Oppland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark.Vi arbeider for auka satsing på rassikring både opp mot fagetatane som Statens Vegvesen og Vegdirektoratet samt i politiske fora, og ellers der vi finn det formålstenleg.

Lilly Gunn Nyheim, Møre og Romsdal sin representant i Nasjonal Rassikringsgruppe og medlem i samferdselsutvalget i Møre og Romsdal