Senterungdommen har vedteke å gå i mot nedlegginga av HV-11 – ein siger for beredskapen og folket

Senterungdommen og Senterpartiet vernar om og tek heile Noreg i bruk! Eit samrøysta Landsmøte i Senterungdommen har på Hamar i helga gått i mot Forsvarssjefens Fagmilitære Råd om å leggje ned HV-11 – heimevernsdistriktet i Møre og Fjordane, og vedteke Møre og Romsdal Senterungdom sin resolusjon om å bevare, verne om og framfor alt styrke HV-11. Dette er ein siger for lokal beredskap og sivilbefolkning og viser til ei sterk vilje til økt satsing på Forsvaret. Møre og Romsdal Senterungdom og Senterparti vil i tida framover gå i spissen for å verne om Setnesmoen på Åndalsnes og eit heimevernsdistrikt som både er uerstattelig og uunnverleg. Heimevernet skal vere over alt, alltid.

Ingrid N. Krogsæter, Møre og Romsdal Senterungdom