Vi starta denne veka med ein gledeleg seier for lokaldemokratiet. Ei lang reise er over for Ingunn og Per Atle Lie, som no endeleg står frie til å bygge ut butikken sin dersom dei ønsker det. Dei har møtt medvind frå kommunalt hald og sterk motvind frå fylkeskommunalt hald, før kommunalminister Jan Tore Sanner kom på bana og gav det endelege, grøne lyset. Internt i ungdomspartiet vårt blir han omtala som «superministeren», og det er ein tittel han med rette kan ikle seg etter denne saka.

I liknad med ordføraren vil eg nytte uttrykket «tankekors». Fylkesmannen har for mykje makt over lokale avgjerder. Som lokalpolitikar er det frustrerande å måtte be om velsigning frå ein instans som ikkje ein gong er folkevald, men det er sjølvsagt endå verre for den det faktisk gjeld. Å la skaparkraft bli møtt med motvilje og byråkrati, er ikkje særleg inspirerande.

Sidan eg er ung og freidig, vil eg også tørre å trekke inn spørsmålet om fylkeskommunen sin vidare skjebne. Etter mi meining er det ikkje rom for tre forvaltningsnivå i landet vårt i framtida. Med tida vil kommunane bli stadig meir solide og sjølvstendige, og dei vil tole å ta på seg mange av dei oppgåvene som fylkeskommunen har i dag. Det vil derfor vere lite hensiktsmessig å behalde dette mellomleddet.

«Jeg legger stor vekt på lokaldemokratiet,» seier statsråden til avisa. La oss fortsette slik!

Kristoffer Bakke, Rauma Høyre