Leserbrev:

Gull eller grøne skogar?

Hallgeir Gjerdset  Foto: Ellinor Rørvik Lothe

Leserbrev

På dei over tretti åra som har gått sia eg var med på å starte Naturvernforbundet i Rauma, har verdas kunnskap om kva vi menneske steller i stand for vårt eige livsgrunnlag auka betrakteleg. Vi veit no veldig mykje om kva vi skal gjere, og ikkje minst kva vi IKKJE skal gjere for å sørge for ein klode som er bra å leve på også for våre etterkomarar. Likevel, vi fortsett som før, og kanskje til og med enda meir enn før, å ødelegge for oss sjøl – veldig ofte med kortsiktig profitt som motivator og i grunn like kortsiktig gevinst som resultat.

Valget i Rauma 2019 ga oss 8 av 27 representantar i KS frå det vi må kalle grøne parti, med 7 frå SV og 1 frå MDG. Så langt har dette gitt relativt lite utslag i den offentlege debatten her lokalt, desverre. Eg saknar offensive folk i KS og lokal debatt på alt som har med vern av natur, miljø, klima, artsmangfald og alt sånt. Får vi t.d. ei klimaplan i perioden? Vil nokon ta til orde for at det blir jobba for t.d. ei lokal “samla plan” for hyttefelt? Kva med arealnøytralitet for dette med matjord? Ikkje ein m2 matjord skal byggas ned utan å bli erstatta?

Her lokalt i Rauma er det som i dei fleste andre kommunar, vil eg tru, at det er utbyggingssaker som går lett gjennom i planutval og KS utan store motforestillingar. Dispensjonar blir gitt altfor lett, og set presedens for neste søknad og søknaden etter den. Slik forsvinn bit for bit av det vi har av (i ulik grad) urørt natur her i Rauma, og i landet ellers. Aktuelle saker som er i gang her, er jo t.d. hyttefeltet sør for skitrekket/aust for Skorgenelva i Skorgedalen. Her vil utbyggar legge band på 150 mål med natur, der dei sjøl “fastslår” at det ikkje forventas negative konsekvensar, dette utan at fagfolk på sånt har vore i området. Saksopplysning til KS her; området er eit hjortetrekk i følge lokal jeger. Berre det må vere nok til å kreve konsekvensutgreiing. Og det viktige då er at den/dei som skal undersøke området for artsmangfald m.m er nøytrale fagfolk, ikkje nokon som utfører meir eller mindre eit bestillingsverk for utbyggar, noko som skjer og vil skje igjen rundt om.

På Stormyra i Isfjorden ønsker idrettslaget å lage ein trasé rundt myra slik at trim/trening kan bli utført der også når det ikkje er skiføre. Eit meget bra tiltak, isolert sett – men her er det ekstremt viktig at ikkje myra blir tørrlagt som følge av feil framgangsmåte. I verste fall må tiltaket seias nei til. Landet treng ei samla plan for myrene vi har, slik det fungerer no så er det opp til kvart enkelt kommunestyre å ta ansvar eller ikkje for myrvern. Dette er ikkje godt nok. Nasjonale retningsliner og føringar må til.

Bit-for-bit-vedtaka for arealinngrep rundt om i landet må stoppas, vi må ha ei heilheitleg plan for å unngå den stadige nedbygginga av både dyrka mark og urørt natur. Før overordna planer er på plass, henstiller eg til Rauma kommunestyre om å ta ansvar og gå i front for at ein før vedtak blir gjort, har skaffa seg god kunnskap om konsekvensane av eventuelle inngrep. Ukritiske ja til forslag som lovar gull og grøne skogar, kan fort vise seg å bety gull til utbyggar og mindre grøn skog til folk flest.

Eg utfordrar dei politiske partia i Rauma KS til å kome med sine tankar rundt det eg har skreve her. Debatt har blitt etterlyst – kjør debatt!