Tankar i "budsjettida"

Nils Valde   Foto: Stein Siem

Leserbrev


Så sikkert som hausten og haustjakta er her, så kjem jakta på millionane for å få endane til å møtast i neste års budsjett. Då kjem spørsmålet om kva som skal strykast og leggast ned i år. Eg tenkjer av og til på dei første åra eg var med på denne «leiken». Men det var ei heilt anna tid. Eg hugsar det som innteressante og trivelege dagar. Det gjekk som regel 2-3 heile dagar, somme gongar meir. Det var så trangt på dei kommunale kontora den gongen, så vi måtte finne andre plassar dei dagane vi arbeidde med budsjettet. Til vanleg var formannskapet kveld- eller nattarbeid, etter at det vart ledig etter dei som hadde arbeidd om dagen.VI var nokre gongar på Grand hotell, og vi var på Gjerdeset pensjonat. Då fekk vi ein dag aure som var fiska i Gjerdsetvatnet til middag. Vi var også på Ungdomsheberget på Setnes, i stovene til Margot og Henry. Då stelte ho Margot Skotte godt med oss.

Dei første åra eg var med, var i dei «gode åra» for Rauma kommune. Folketalet auka, det same gjorde skatteinntektene, og prisstigninga var stor, slik at at det gjekk mykje ut på å dele ut den store auken vi hadde frå året før.

Då eg mange år seinare vart ordførar, og skulle leie det heile sjølv, vart det mykje vanskelegare å få endane i hop. Men eg hugsar også at ein av dei første turane eg hadde som ordførar, var då vi vart invitert til 10-års jubileet til LVK, (landssamanslutn. av vasskraftkom.) Det vart halde på Bardøla hotell på Geilo. Det var så fullt på hotellet at eg måtte ligge i ei hytte på eit anna hotell. Der vart eg innkvartert saman med ordføraren i Eidfjord, som er ei av dei rike vasskraftkommunene. VI vart sitjande å prate utover kvelden, også økonomi og budsjett. Då sa han noko som eg har hugsa sidan: « Du skal vite at det er like vanskeleg å fordele rikdom som armod. "

Eg misunner ingen av dei som skal få i hop eit godt og rettferdig budsjett i dag. Det er synd at det skal vere slik. Når ein ser på den private rikdommen og den offentlege fattigdommen, så må det vere noko som er riv ruskande gale. Vi betalar sikkert for lite skatt! Når ein ser på alle dei millionane for ikkje å seie milliardane som ligg i småbåthamnene rundt om i landet, og liknande summar som vi har møtt på vegane i sommar, så må det vere noko som er gale. Det har også nyleg vore feira noko som vert kalla halloween. Eg såg på fjernsynet den lange køa som skulle inn for å kjøpe utstyr til feiringa. Då vi seinare fekk sjå inn i butikken , var hyllene nesten tomme. Her sat millionane laust! Det meste vert kasta for så å kjøpe nytt neste år.

I reklamen på fjernsynet vert vi fortalt at det er ingen i verda som kastar så mykje elektronikk som vi nordmenn. Det meste er sikkert brukbart.

Mi meining er difor at dei f leste av oss betalar for lite skatt. Med dei inntektene som vi har i dag, så skulle det ikkje så mykje tillegg til før ein fekk ballanse i dei offenlege budsjetta. Men det må utliknast rettferdig. Ein kan ikkje ta til slik som ein ser tillaup til i somme kommuner i dag, at ein startar med å ta barnetrygda frå dei som har minst! Det er å gjere motsett av det Gjest Bårdsen gjorde. Han tok frå dei rike og gav til dei fattige! Dersom ein hadde meir å rutte med, så hadde ein også meir å gi til dei som har minst.

De må heller ikkje gløyme oss som tek til å kome opp i åra. Det er mange av oss som treng god pleie etter kvart!
Det vert heller ikkje forstått det som det vart prøvt på for nokre år sidan, at dei som har lange gardsvegar i utkantane, skal ta seg av vedlikehaldet sjølv medan det vert brukt millionar i sentrum. Ikkje forstå del slik at eg er imot å gjere sentrum innbydande. Men det er ikkje utkantane som skal betale det!
Lukke til med eit vanskeleg arbeid !