Allemannsretten:

Eg undrast

Ole S. Dahle  Foto: Stein Siem

Leserbrev

I Åndalsnes Avis (ÅA) 16.01.2021 er leiaren for Forum for Natur og Friluftsliv (FNF) intervjua om eit skilt på ei grind ved Remmabrauta. Han framhevar at Friluftslova (FRL) er sterk, og at ein skal ha gode grunnar for å nekte folk å bevege seg. Dette er etter mitt syn overflatisk informasjon, særleg når det gjeld ferdsel i innmark.

Eg har sidan januar 3 gonger stilt FNF konkrete spørsmål om ferdsel til fots i innmark utan å få svar på spørsmåla. Grunn til at eg tek opp I denne saka først nå, er forgjeves venting på svar frå FNF. I ÅA 19.01.2021 gjer leiaren seg til talsmann for dialog. Eg undrast kva han legg i omgrepet.

Kor sterk FRL er avheng av auga som ser. Lova set iallfall klare avgrensningar. §3a (Ferdsel på vei eller sti i innmark) gir uttrykk for kva som er lovleg ferdsel: ”Ferdsel i innmark som fører til utmark, a) til fots på vei eller sti,....” Lova krev altså at ein følgjer veg eller sti. Denne paragrafen trådte i kraft 01.01.2012. Stiar i innmark har skapt mange konfliktar over tid. Men det har vore alminneleg oppfatning at gamle stiar i innmark, som har vore snarvegar til utmark, har gitt lovleg ferdsel til fots.

Kva krav skal stillast for å kunne vere ein sti, kan det vere ulike meiningar om. I rundskriv 3/07 frå Miljøverndepartementet står: ”Retten til ferdsel til fots i innmark er omhandlet i §3 i friluftsloven og er atskillig mer begrenset. Det er kun rett til vinterferdsel i innmark; sommerstid må man holde seg til veger eller opparbeidede stier der ferdsel ikke innebærer urimelig ulempe. .....” Opparbeidd sti må vel i det minste avspegle tydeleg tråkk over tid.

Grunn til at eg har interessert meg for dette temaet er at eg har sjølv sett opp eit skilt ved gjerde mot innmark. Saman med eigaren i Remmabrautasaka var eg på synfaring 7.mars d.å. på frostfri og snøfri mark og konstaterte veg frå grinda til gapahuk. Vidare til eigedomsgrense (utmark) såg eg ikkje spor etter menneskefot, kun grasdekt mark. Eg undrast på kva slags obsevasjonar og fakta FNF og kommunen har lagt til grunn når det blir hevda at ferdsel til fots er lovleg. Ei grundig drøfting av vilkåra for lovleg ferdsel til fots i dette tilfellet er totalt fråverande! Å drøfte seg fram til om det faktisk er lovleg å ferdast til fots i dette tilfellet, må vere avgjerande for vidare oppfølging av ”tipset”.

Det følgjer av § 13 i FRL at det er ikkje tillatt å sette opp skilt eller på anna måte kunngjere forbud mot ferdsel...... som er tillatt etter lova. Etter mitt syn har ikkje kommunen heimel til krevje skiltet fjerna sidan vilkår etter §3a ikkje er oppfylt, fordi der er ingen opparbeidd sti som fører til utmark.

Eg ser at kommunen har komme til eit anna resultat og kravd fjerning i medhald av § 40 i FRL. Det er kommunen som myndigheit som har ansvar for å gjere gyldig vedtak. Det følgjer av § 24 i lova at krav om fjerning av skilt skal behandlast etter reglane i Forvaltningslova, særleg er det viktig med overtydande grunngjeving, noko som ifølgje referatet i ÅA 16.01.2021 er heilt frå verande. Eg les ikkje anna enn at kommunen ”mener”! (Eg legg til grunn at journalisten som har referert frå saka, har tatt med det som var viktig).

I medhald av § 40 kan kommunen krevje fjerning. Det står ikkje at kommunen skal. I forkant av mange privatskilt har eigar gjentatte gonger opplevd uakseptabel adferd av folk som ferdast, som t.d. forsøpling, nedtråkka gjerde og halvlukka grinder. Ved vurdering av krav om fjerning av skilt, som er eit inngrep i eigaren sin råderett, er det vel eit minstekrav at eigaren sine behov blir sett opp mot turfolk sitt behov. Då kan utfallet bli at kommunen ikkje finn sterk nok grunn til å krevje fjerning. Kvifor er ikkje dette aspektet drøfta?

I ÅA 19.01.2021 fortel leiaren for FNF at dei ikje er ute etter å ta enkeltpersonar. Om dette er ærleg meint, eller utslag av dårleg samvit, er eg i tvil. Men like fullt er det ”uthenging” som blir resultatet! Når viktige samfunnsaktørar som kommunen og FNF hevdar at eigaren, som ikkje har gjort anna ”galt” enn å ivareta sin eigedom, handlar i strid med lova, er slik ”uthenging” iallefall ikkje eigna til å heva omdømmet til den det råkar.

Men det mest solide bidraget til å ”henge ut” presterer journalisten når han i ÅA 16.01.2021 stiller det freidige spørsmålet: ”Respekterer du ikkje allemannsretten?” Eg undrast kva slags skråsikkert grunnlag han hadde for å stille spørsmålet! Hadde han gjort ei eiga undersøking om vilkåra i §3a var oppfyllt, eller hadde han og berre ”meint”.

Som alt nemnt har eg sjølv sett opp eit skilt som har til hensikt å hindre ferdsel til fots i innmark. Eg har ”tipsa” FNF om dette skiltet. Om dette er vidaresendt til kommunen for oppfølging, veit eg ikkje. Men eg ser det slik at kommunen hermed er blitt kjent med mitt skilt. Så til slutt undrast eg på når kommunen tar kontakt for synfaring bak Langhauan 18c. Og eg forventar at ”tipset” blir behandla etter gjeldande lovreglar.