Leserbrev

Livskvalitet og bygdaentusiasme

Ida Siem.  Foto: Even Ørjasæter

Leserbrev

Aller først så skal eg skynde meg å seie at eg ikkje misunner kommunedirektøren jobben det er å prøve å rydde opp i ein så krevande kommuneøkonomi. Det er vanskelige prioriteringar, og til dels er desse prioriteringane som me i kommunestyret er med å stemme over av den art at dei påvirker både helse og livskvalitet til kommunens innbyggjarar.

Det er også spørsmålet om å beholde barnehagar eller ikkje. Eg syns det er direkte trist at desse forslaga kjem igjen og igjen, og no altså så ofte som to gonger i året. Gjennom slike hyppige forslag om kutt, legg kommunen opp til at det opplevast som ein evig kamp å bo på bygdene. Det er ikkje det som er draumen du ber på om du velger å flytte til ei lita vestlandsbygd; å bruke lyse sommarkveldar til endå eit FAUmøte, mobilisere til endå eit folkemøte og skrive endå eit lesarinnlegg. At praten i det du hentar og leverer ungen din - eller i lunsjen på arbeidsplassen din handlar om nedlegging og ei uforutsigbar framtid for bygda.

Det her er direkte sløsing med all den positive energien som fins i unge og engasjerte småbarnsforeldre.. All denne tida og bygdaentusiasmen skulle heller vorte brukt til å lage tilflyttingskampanjer - folkemøter om å frigjere hus og salg av naturgledetomter - til å møte opp på ein av mange dugnadar som er med på å holde oppe bygdapulsen. Heller enn å dele fortvilte lesarinnlegg på sosiale media, så kunne omgangskretsen la seg friste av alt det fine som hører med eit liv eit godt stykke frå sentrum.

Eg meiner virkelig at me må ta på alvor korleis dette framstår som god markedsføring av Rauma -eller ikkje. Det er små summar å spare - mykje energi og nye innbyggjarar å hente. på å spare barnehagane me har i kommunen. Mitt største ønske før budsjettet skal leggast i desember er at me må greie å bli enige om argument og inndekning for at desse forslaga ikkje kjem tilbake allerede då.