Lesarbrev

Vårnatt i fjøset

Torbjørn Bruaset.  Foto: Stine Vandevjen Olsen

Leserbrev

Eg fekk ikkje tid til å sove i natt,

og kjenner at eg litt søvn skulle hatt.

Men dyra mine vil eg passe godt på,

om Mattilsynet skulle kome for å sjå.


Dei fleste sauene slappar av og tygg drøv,

mens dei nyfødde lamma ligg og søv.

Men i bingen like ved der eg står,

pustar sauen tungt når vatnet går.


Ut av sauen si store vom,

var det fire fine lam som kom.

Eg hjelpte til slik at alle fekk mat,

etterpå gav eg sauen litt kraftfor på eit fat.


Då eg kom inn stod frokosten klar på bordet,

i tillegg vart eg møtt med dette ordet:

«No må du slutte med sau,

vi kan heller få oss eit dyr som sei mjau».


Men eg vil ikkje ha endå ein katt,

for det har eg tidlegare hatt.

Den fann eg dau, påkjøyrt av ein bil,

den hadde nok kome over i feil fil.