Lesarbrev

Digitalt kommunestyremøte

Torbjørn Bruaset.  Foto: Per-Kristian Bratteng

Leserbrev

Eg tok skjegget og skifta brok,

oppe på loftet fann eg meg ein lugom krok.

Å få styre kommunen frå sofaen er nytt for meg,

men utviklinga har nok i det siste teke store steg.


Sette meg framom PCen med kamera på,

no kunne heile kommunen oss alle sjå.

Eg var sjølvsagt spent på korleis dette ville gå,

litt forsinka kom vi i gang og alle var på.


Det heile starta litt forsiktig på alle vis,

men etter ei stund var det nokon som snakka om utrygg is.

Det vart mange innlegg og ulike forslag,

som vi stemte over, litt i søkk og kav.


Då eg endeleg skulle halde innlegg og slå til,

hadde eg ein mikrofon som berre ville halde still.

Dette vart både vanskeleg og leit for ein gamal mann,

sjølv om mange ville hjelpe det beste dei kann.


Etter kvart gjekk det heile over stokk og stein,

ja det var nesten som eg sat og grein,

for det var ikkje slik eg skulle styre frå min nye heim.


Trøysta er at eg endeleg kom på førstesida i avisa mi,

men det hadde nok vore betre om eg tok meg ein tur på ski.