Leserbrev:

Bra betalt - dårleg økonomi?

Torbjørn Bruaset.  Foto: Per-Kristian Bratteng

Leserbrev

Det har lenge vore kjent at Rauma kommune slit økonomisk, og for å rette opp dette blir det planlagt og gjennomført mange ulike sparetiltak.

Onsdag den 17. mars var eg innkalla som varamann til formannskapsmøtet. Det var med blanda kjensler eg møtte, og i ettertid er nok kjenslene mine endå meir i ulage.

I starten av møtet vart det gitt ei grundig orientering av Kommunedirektøren og av

Pleie og omsorgssjefen. Uten å gå i detalj, så fortalte begge om store overskridingar.

Særleg er drifta av Helsehuset blitt utfordrande og noko langt anna enn det som vart sagt under planlegging og bygging. Samla underskudd for Rauma i 2020 ser ut for å bli ca. 31.000.000,- kr.

Eitt av sparetiltaka som er foreslått og varsla, er å ta bort transportordninga for psykisk sjuke når dei skal på dagsenteret. Kommunen vil ifl. Pleie og omsorgssjefen spare 200.000,- kr. på dette tiltaket.

Då det for meg har blitt ein del av livet å være næraset pårørande til ein som har brukt denne tenesta heilt frå starten, så reagerar eg kraftig på at det er dei aller svakaste som skal lide.

Men etter eit langt liv i politikken så veit eg også at det ikkje er enkelt for dei som skal styre, det gjeld både administrasjonen og dei politisk valde. Men i motsetning til slik det var då eg vart vald inn i kommunestyret første gongen i 1971, så er det idag rimelege bra godtgjersler for dei fremste i lokalpolitikken.

Dei faste representantane av formannskapet har idag ei fast årleg godtgjersle på kr. 59.915,-, i tillegg får dei kr. 499,- for kvart møte. Desse satsane skal regulerast den 1. mai ved endring av grunnbeløpet i folketrygden, står det i forskrifta.

I 2020 hadde formannskapet 7 møter, det samme er planlagt i 2021. Dette betyr at dei faste representantane av Rauma formannskap som eg fekk møte saman med i går, får kr. 9058,- for dei 6 timane som møtet varde. Ved forfall blir det ikkje gjort trekk i den faste godgjersla uten at fraværet er på over 25 %, altså fraver uten trekk for eitt møte.

Den som møter i formannskapet som varamann, slik eg gjorde, har ei møtegodtgjersle på kr. 1498,- For meg med ein liten pensjon på kr. 15.300,- pr. mnd., så synest eg dette er bra, men om det er rettferdig er ei annan sak.

Utenom det eg har synt til her, så er det også mange andre tillegg og gunstige ordningar innenfor det som er opplista i kommunens reglemang for folkevaltes godgjøring m.v.

Eg trur eg veit nokså nøyaktig kvifor desse ordningane er blitt slik dei er, men det skal eg la ligge. Men eg vil understreke at dagens ordførar ikkje har noko ansvar for at det er blitt slik. Men kanskje kunne ho ha gjort litt meir for å retta opp desse skjeivheitene.

Ved å skrive dette så har eg endå ein gong lagt hovudet på stabben, og eg blir nok skulda for å være både illojal, misunneleg og det som verre er, men det skal eg tole.

For meg er det viktig at dei som opplever kommunen som krevande, både ved tap av kommunale tilbud, arbeidsplassar og store skattekrav får litt kjennskap til vilkåra som gjeld for våre fremste folkevalde.

Ei justering av satsane eg har trekt fram her, kan ikkje redde kommuneøkonomien, men kanskje kunne tilbudet til dei som har fått livet øydelagt p.g.a. psykisk sjukdom blitt skjerma.