Lesarbrev

Koronatider 12. mars 2020

Illustrasjonsbilde av koronaviruset Covid-19  Foto: AP / NTB

Leserbrev

Korona visste oss lite om før det var over oss. Det datt ned mellom oss som lyn frå klar himmel. Helsemyndigheitene visste og lite. Det kom dettande ned frå den klare himmelen. For at me skulle lære meir om dette, som da me frå den tida oss alle lærte å regne og skrive, blei det nesten skulebenken på nytt for alle. Nasjonen Norge og heile verda følte og tenkte; kva er det? Forskarane ville vere føre var den første tida. Dei ville vi skulle vere reinsleg og vaske hender som dei fleste av oss hadde lært før, men å halde god avstand blei litt verre. Dette var me ikkje vant til og det måtte lærast å følge godt med det myndigheitene orienterte til folket. Men kva pandemien kom av, til å begynne med blei det sagt at det kjem gjennom lufta og kan slå ned kor som helst. Men heldigvis visste forskarane meir. Det kom gjennom lufta, men av din næraste som stod deg nær var smitteberar, og som har blitt smitta tidlegare frå andre menneske. Eg tenkte for meg sjølv, blir det slutten for oss alle, så er det greitt på sett og vis. Men kva måte veit me om i dag?

Med det same nyheitene kom, blei det for me uvisst. Dette er eit virus som aldri før har hatt tilgang til menneskekroppen. Koronaen banker på med ein valdeleg kraft og fart i svelgane på folk på kloden. Katastrofen omtalast som vår generasjons største krig. I eit samfunn som stadig blei heimsøkt av store og dødbringande epidemiar, vedtok Stortinget allereie i 1884 ein karantenelov.

I dag er skular over heile Norge og mange andre land stengt. Mange arbeidsplassar over heile landet blei permittert, foreldra må vere heime og passe sine ungar og det fortel dei at det var ei strabasiøs tid. Hadde dei av det norske folk blitt heime i staden for å reise til utlandet og ta med seg smitta tilbake til Norge … Det var folket sjølv som drog den med seg heim att.

Korona blei først oppdaga i Kina i juletider 2019, men kinesarane er forut si tid og blei kvitt sjukdomen før våren kom i 2020. I dag er Kina og resten av kloden redd for at runde nummer to kjem og den er kome. Den einaste medisin så langt er skrive ut som for 130 år sia, då var det mange døde av den «Trondhjemske halsesyke»

Det var dei største byane det gjekk verst utover av koronaen, på landsbygda var det liten smitte og smittetalet er lågt. Norges befolkning var et av det land i verda som kjem godt ut av denne sjukdomen so langt.

Hugsar oss attende til år 2009, var det også ein epidemi som ikkje har gått i gløymeboka, da var det svineinfluensa som for over Norges befolkning og tok med seg 33 menneskeliv. Mesteparten av denne smitten kom den gang frå Trump-landet Amerika. Det kom ein vaksine ut på marknaden som hadde liten verknad på folk og enkelte blei sjuk. Epidemien gjekk like fort over som den kom, i august 2010 var alt forbi.

Men om denne koronasjukdomen kjem igjen enda verre enn i dag, veit vi enda ikkje. Me hadde ikkje fått på oss skoa eingong før koronaen var over oss. Kan me sei at denne sjukdomen kjem dobbelt så fort og endå hardare som den gjorde i dag – kva då? Det kan hende det kjem til å skje når me ser og har lært litt av denne koronaen. Nesten heile verda blei tatt på senga, ingen rår over noko lengre, ser det ut til. Eg trur at befolkninga i ein by ville bu på landet når epidemien kjem gang etter gang og kanskje nye epidemiar som den i dag som stryk ved sida av oss. Tenker vi at hyttefolket med hytte på landet ville vere der i staden for i ein by, det ser no slik ut i auga mine. Kanskje ein gong dei som forlèt bygda og reiste til byen tenker seg om og flytter til bygda igjen, det skal oss alle som bur på bygdene vere glad for.

I trur at oss som har vakse opp etter andre verdskrig har sett og høyrt om mange epidemiar og terror og har vakse opp i ei tid med mange både grufulle opplevingar og som blir i lag med oss til enden av livet vårt.

Nå meiner kinesiske forskarar at dei har identifisert ein person på 55 år. 17. november 2019 i byen Wuhan med 11 millionar innbyggarar i provinsen Hubel, som hadde pådratt seg lungebetennelse med uklart opphav. Aller første av det heile verda kjenner som latinske namnet korona. Frå den dagen han blei smitta, blei det rapportert frå ein til nye fem personar kvar dag. 15. desember var 27 personar smitta, fem dagar seinare var 60 personar smitta. 17. mars 2020 er det meir enn 190.000 menneske smitta, alt kan spores tilbake til 55-åringen 17. november 2019. Svært få ungar er ramma av koronaen. Ingen barn er døde i byen Wuhan i China der koronaen blei oppdaga. Men det er mange påståtte meiningar om kor den kjem ifrå.

Helseministeren vår seier at dette vil skje igjen og igjen, ja det kjem dessverre ein neste gong. Håper snart det kjem ein vaksine mot utøyet. Norge og verda har levd intetanande om denne sjukdomen, oss har levd på ein planet for oss sjølv trur oss. Me har høyrd om frå andre deler av verda om sorg, fattigdom og fortviling, men no har me fått det tredd det over hovudet, det er no ein merkeleg sjukdom, uforståeleg. Men presidenten i USA påstår at det er menneskeskapt frå Kina, ein flaggermus har blitt nemnt og ville plantar er også nemnt. Dette er nokre fakta, tankar og synspunkt som he godt gjennom hovudet på meg den siste tida.