Lesarbrev

Målet er å behalde dei gode tenestene vi har i dag

Janne Søvik.  Foto: Privat

Leserbrev

På lik linje med dei fleste andre kommunar i Norge har Rauma gjort seg meir eller mindre avhengig av eigedomsskatt. Med høgt investeringsnivå i mange år og høgt nivå på tenestene i kommunen, har denne skatten også vert med på å finansiere forventningar og krav til utvikling og velferd.


Mener dagens modell er bedre enn den Rauma hadde

Aps Janne Søvik ble sjøl overrasket over at enkelte fikk så store hopp i eiendomsskatten. Likevel mener hun at modellen med Skatteetatens boligverdier er mer rettferdig enn den Rauma hadde.


Rauma Arbeiderparti og resten av kommunestyret jobbar med å få kontroll over kommunens økonomi, målet er å behalde dei gode tenestene vi har i dag, samt kunne utvikle kommunen på ein god måte framover.

Rauma Arbeiderparti vurderte i juni-møtet 2020 to alternativ til korleis vi skulle få ein mest mogleg rettferdig og minst mogleg ressurskrevjande modell for berekning av eigedomsskatten.

Kommunestyret vedtok, med 17 stemmer, ei løysing med skatteetatens formuesverdi som grunnlag for vidare skatteberekning av eigedomsskatten.


Krever inn tre millioner kroner mer enn politikerne vedtok

Rauma kommune har sendt ut krav om eiendomsskatt for tre millioner kroner mer enn kommunestyret regnet med.


Skatteetatens formuesverdi blir brukt av fleire og fleire kommunar som grunnlag for eigedomsskatt. Molde kommune brukar denne modellen, likeins Vestnes kommune. Molde har ein litt lågare sats enn Rauma, men har f.eks. ikkje botnfrådrag i si berekning.

Så ser vi i ettertid at hos enkelte har denne skattemodellen slått ut på ein måte som har skapt frustrasjon, medan andre har fått redusert skatt, eller har behalde om lag same sats som tidlegare år.

Skatteetatens formuesverdi skal gjenspegle marknadsverdi av bustad/eigedom. Ved feil kan formuesverdien rettast opp på RF-skjema i skattemeldinga. Skatteetaten kan spør etter dokumentasjon og gir elles god informasjon om ulike problemstillingar.

Felles mål i Rauma må framleis vere gode tenester, mangfald i næringsliv, folketalsvekst, innbyggarar som trivst og er stolt av heimkommunen sin.