Lesarbrev

Bildet er prikk likt det eg har i samlinga mi

  Foto: Ukjent

Leserbrev

Det var interessant å sjå innlegget om nemnde kulturminne i avisa frå 27. februar. Den kom meg i hende den 4. mars, så det stemmer at posten kjem fram!

Og ikkje minst interessant var det å sjå att bildet, med tekst ukjent fotograf, som er prikk likt det eg har i samlinga mi, og som eg tok ca. 1960. Eg kan godt ha gjeve det til nokon på Veblungsnes, som kan ha hatt det liggande og ikkje minnast kor det kom frå.


Vannbassenget på Veblungsnes

I gjennomsnitt går det med omtrent 200 liter vann per person per døgn til privat bruk her til lands.


Og eg minnast ikkje kva det var som fekk meg opp dit med fotoapparat. Kanskje den søte soga eg vart fortalt om far Ingbert, då han som liten gut kom heim og sa til mor si og sa: «Det e so fint å gå tur oppi Einmarka, for då e Gud so nærme».

Far hans, Åsmund Johan Torger Fosse kom frå Fana som postopnar i 1903, og året etter etablerte han brusfabrikk på Veblungsnes. Han fekk sikkert vatnet frå kjelda i Sandgrovadalen. Førsteklasses Fosse-brus altså!

Venleg helsing Gerd Fosse Hovden