Lesarbrev

Hjort til besvær

  Foto: Øystein Talberg

Leserbrev

Hjortebestanden må ivaretakast og regulerast på ein meir treffsikker måte enn fram til no.

Tal på påkøyrt hjort som ÅA presenterer 23.02.21 stemmer nok heller ikkje heilt med verkelegheita. Mest sannsynleg er det mange ikkje-registrerte påkøyrslar i tillegg til registrerte i kommunen vår.

I forhold til ein nedgang på 20 prosent påkøyrslar frå 2019 til 2020, (ref ÅA) er det heller ingen grunn til å legge stor vekt på dette talet. Vi ser at påkøyrslar varierer frå år til år og ligg gjennomsnittleg på 88,6 drepne hjort pr. år i kommunen (2015-2020).

Janne Søvik.  Foto: Privat

Når vi ser store flokkar med hjort, kanskje på 30 dyr, og meir, gjennom delar av vinteren beiter på dyrka mark så skjønnar vi at hjortebestanden har blitt eit problem. Først og fremst fordi hjorten passerer europaveg og fylkesvegar på si ferd fram til beste beite. Hjorten forårsakar ulykker som kan medføre alvorlege personskadar og store materielle skader, i tillegg til dei lidelsane som dyret sjølv blir påført.

Eit anna stort problem er dei skadane som hjorten gjer på avlingar, her snakkar vi om store, direkte tap, i kroner og ører for bonden, i tillegg til tallause arbeidstimar til reparasjon av dyrka mark.

Eg håpar viltnemnda for Rauma kommune, snarast råd, i samarbeid med grunneigarar vil sette i verk same tiltak på strekninga Søviksvingen – Oterholm (sørsida) som dei har sett i verk på Holmemstranda.