Leserbrev

«Pappaen min er sterkare enn pappaen din»

Nils Valde.  Foto: Privat

Leserbrev

Då eg las om «mannjamninga» mellom Høgre og Senterpartiet var det denne utsegna eg tenkte på. Det var ofte vi høyrde dette mellom ungar som slost om eitt eller anna.

Det er klart at det har skjedd mange positive ting både då Senterpartiet og då Høgre hadde ordføraren. Det får meg til å tenke på at det skjedde mange positive ting i dei vel 20 åra i førstninga på Rauma kommune si historie. Det var då vi hadde eit folketal som var langt over det vi har i dag. Det vart bygt nye ungdomsskular og nytt rådhus m.a. Det var stor aktivitet på Øran og mange arbeidsplassar med utbygginga av kraftverk inne på fjellet.


Men eg har aldri tenkt på at det var på grunn av at KrF hadde ordføraren. Vi var då stort sett einige om alt. Kanskje at ein skulle satse litt meir på samarbeid. Det er ikkje godt når mange viktige saker skal bli vedtatt med 14 mot 13.

Elles er det mange fleire enn kommunestyret som avgjer korleis vi skal ha det. Vi kan berre tenkje på den tida vi er inne i no. Men denne tida skal vi snart kome igjennom. Vi har framleis ei god kommune å bu i.

Eg såg at det var nokon som pirka borti lånegjelda. Det er etter mitt syn heilt rett å ha stor lånegjeld i ei tid når renta er så låg som no. Men ein må ordne seg slik at ein også kan ta imot støyten når det snur. Eg såg at kommunedirektøren var uroleg for at kraftprisane var så låge. Det er kanskje ikkje nokon som trur det, men eg gler meg litt når kraftprisane stig. For då tenkjer eg: No tener Rauma Energi meir pengar, og då kjem det meir inn i kommunekassa.

Leserbrev

Rauma i revers?


Men det som ergrar meg mange gongar er at vi ikkje greidde å få inntaket på Nye Verma stasjon opp ved Storhaugen. Då kunne det ha blitt endå meir pengar å rutte med for kommunen.