Lesarbrev

Eg registrerer at det er heilt slutt på å snakke om landets flottaste helsehus

Kommentar til kommunedirektøren sitt innlegg ang. omstilling i kommunen.

Torbjørn Bruaset.  Foto: Per-Kristian Bratteng

Leserbrev

Etter det eg har lest, høyrt og forstått så langt, så ser ikkje dette med kommunens økonomi så bra ut. Eg er korkje overraska eller skuffa, resultatet er som venta.

Kommunedirektøren har ved alle høve snakka om behovet for omstilling. Men det er vel nettopp omstilling kommunen har drevet med i ei årrekke no. Mange av problema kan førast mange år tilbake i tid. Ja heilt til det som skjedde ved valget i 2011.

Då rauk samarbeidet på raud/grøn side, og Arbeiderpartiet og SV gjekk over til å støtte høgresida. Men eg vil understreke at eg ikkje kritiserer Lars Olav Hustad for at han greip sjansen, og han har sikkert rett i at mange av vedtaka som kom var samrøystes. Kommunestyret var denne perioden nesten utan opposisjon, derfor kunne ordførar og rådmann gjennomføre nesten kva dei ville.

SV hadde etter valget i 2011 ein representant i kommunestyret, ho valgte å støtte Høgre, og fekk jobben som leiar i planutvalet som takk. I dag er ho ordførar, så det var kanskje eit klokt valg ho tok i 2011. Verre har det gått med Arbeiderpartiet. som alltid var kommunens klart største parti, i dag er dei det 4. største.

Det var i denne perioden at omstillinga som kommunedirektøren etterlyser starta. At det vart vedteke å bygge ny sjukeheim på Åndalsnes var heilt rett. Då Rauma sjukeheim vart bygd i 1974 var eg den einaste som stemte for at den måtte byggast på Åndalsnes.

Men eg trur at planlegging og framdrift av Helsehuset gjekk i raskaste laget, og enkelte vedtak var vel kreative. At kommunen selde Voll omsorgssenter til seg sjølv, og så bruke pengane til andre ting, var ikkje greitt.

Dersom eg går i banken og ber om å få veksle ein 200 setel, og så oppdagar etterpå at dei to setlane eg fekk tilbake er på 50 kr, då er eg blitt lurt. På Voll er det dei noverande og framtidige bebuarane som må dekke tapet med høgare husleige.

Kanskje ikkje kommunedirektøren veit det, men under behandlinga av mange av sakene før og under bygginga av Helsehuset, vart det stadig snakka om utviding på nabotomta.

Og det var ikkje måte på kor mykje kommunen skulle spare når Helsehuset kom i drift. Det har no vore fleire rundar med reduksjon av plassar, og eg vil minne om at då arbeidet med Helsehuset starta, var det rundt 120 institusjonsplassar i Rauma. Kommunen held seg likevel flytande økonomisk.

Då Helsehuset vart opna var Fylkesmannen med, og ho skrytte av at ho hadde blitt lurt til å gi Rauma løyve til å ta opp lån, mange gonger det lova sa. Ho stiller sikkert med blomster når Rauma igjen blir innført på Robek-lista.

Men eg registrerer at det er heilt slutt på å snakke om landets flottaste helsehus. Heller ikkje Strandgata eller ny kyrkje blir nemnd meir.

Eg likar dårleg at kommunedirektøren heile tida peikar på oss gamle som problemet.

Ja eg kunne tenkt meg å fått vite kor mykje ein 77-åring er verd, når overføringane frå staten kjem. Eller kor mykje kommunen har teke imot for 77-åringen frå då han vart pensjonist for ti år sidan, og i alle åra etterpå har arbeidd såpass at han har betalt over 100.000 for året i skatt?

Dei dystre prognosane frå SSB blir brukt for alt dei er verd i denne settinga. Men når det blir lagt fram andre planar for utviklinga i kommunen, blir det brukt heilt andre tal for korleis folketalet skal endre seg.

Kommunen er Rauma sin største arbeidsplass, ein svært kompleks arbeidsplass. Det er ikkje snakk om berre eitt produkt, og eg forstår kor krevjande dette sikkert er. Eg forstår også at det er enklare å tilpasse drifta for ei bedrift som produserer rivskaft eller plastbøtter.

Men skal kommunen drivast heilt etter same mønster og prinsipp som private bedrifter, så må vel dette gjelde, også når dei økonomiske resultata blir lagt fram eller uteblir?

Enkelte av representantane som har vore sentrale i styringa av kommunen dei siste periodane, gjekk på ein smell ved siste kommuneval. Eg forstår at dei vart skuffa, men med den arven dei etterlet seg, så forstår eg at det gjekk slik.

Andre valde å trekke seg, og eg reknar med at desse no slappar av og tenker tilbake på alt dei fekk gjort gjennom fleire periodar, frå sin plass som førehandskumulerte inn i kommunestyret.