Leserbrev

Plan for frivillighet

Torbjørn Bruaset.  Foto: Per-Kristian Bratteng

Leserbrev

Eg er godt kjent med at det blir laga kommunale planer for nesten alt, men eg trudde at frivillig arbeid skulle fungere uten ein slik plan. Og eg vedgår at eg ikkje kjente til at det alt var ein slik plan i kommunen, rett nok utgått på dato.

Frivillighet er for meg noko som skjer, som namnet sei, frivillig og tilfeldig, det er opp til den enkelte, og uten ein fastsatt plan frå det offentlege.

Frivillig og gratis arbeid har vore heilt avgjerande for utviklinga av samfunnet vårt.

Kan nemne: Idrettsbevegelsen, kyrkje og kristenliv, kultur, hjelpeorganisasjonar og mange andre viktige område.

Det som plana etterspør og redaktøren i ÅA jublar over i sin leiarartikkel, har vore realiteten gjennom generasjonar. Og eg trur ikkje at dette blir så mykje betre om Rauma også på dette området skal kalle seg «verdens beste kommune».

Men eg er også godt kjent med at frivillig arbeid har slitt i motbakke dei siste åra.

Og for meg verkar det som om slikt arbeid har tapt for egoisme og kravmentalitet. Men eg trur ikkje ei kommunal plan uten friske pengar kan endre denne utviklinga.

Det er mange årsaker til at både tilbud og etterspørsel på dette området har endra seg.

Frivillig arbeid var ein viktig del av eit sosialt nettverk tidelgare. Oppbygging av velferdsstaten, omorganisering og sentralisering har ført til endra behov.

Når grendaskulen som i stor grad var bygd og vedlikehalden på dugnad, blir lagt ned, så vil sjølvsagt dugnadsarbeidet ta slutt. Og vi har lenge sett ei elitedyrking i idrett og kulturliv som ikkje er bra for dugnadsånda og mangfoldet.

Men så skjer det brått dramatiske ting, alt frå storbrann på Åndalsnes til leirskred i Gjerdrum. Då er den frivillige innsatsen nesten uten grenser og raskt på plass med hjelp. Klede, mat, husrom og utstyr langt utover behovet, blir skaffa til veie etter kort tid.

Kommunestyret har i svært stor grad overlatt styringa av kommunen til administrasjonen og dei tilsette. Og det er administrasjonen som plukkar ut dei tilsette og avgjer kva dei skal arbeide med.

Kommunestyrets si oppgave er blitt å sette opp budsjett, etter forslag frå administrasjonen. Og så får vi tre ganger for året rapport om kor mange titalls millionar budsjettet er overskride med. Kanskje er tida inne for at kommunestyret tek tilbake litt av politikken.

Også arbeidet med denne plana har sikkert kosta kommunen pengar som kunne vore brukt då vi diskuterte få prosentar i innsparing i viktige stillingar.

At ei grind inne i Isfjorden blir til sak for kommuneadministrasjonen tyder også på at det ikkje alltid er så travelt på rådhuset som det blir hevda.

Den 12 mars ifjor vart landet stengt ned p.g.a. KORONAEN. Samme dagen var eg på bytur etter innkalling til ein helsesjekk på sjukehuset. Helsesjekken gjekk så bra at før eg reiste heim, så gjorde eg noko eg hadde tenkt lenge, eg kjøpte meg SMARTTELEFON.

Koronaen har eg ikkje merkt noko til eller hatt problem med, men du verden kor eg har slitt med smarttelefonen. Men no er eg komen så langt at har eg flaks, så kan eg få med litt av det som skjer på nettet.

Og for få dagar sidan såg eg nokon som i eit innlegg etterlyste meiningsfeller som ville være med på å arbeide for at det skal bli mykje betre SPARKFØRE, slik det var i gamle dagar.

Det frivillige arbeidet for betre SPARKFØRE vil eg være med på. Og eg ser ingen fare med det no, når vi får ei oppdatert kommunal plan å støtte oss på, dersom det skulle bli alt for glatt.