Lesarbrev

Raumaværingen klarer å ha to tankar i hovudet samtidig

Torvald Hjelden Sætrang  Foto: Privat

Leserbrev

Vi må ikkje lengre tilbake enn til oktober for å lese Renate Soleim sitt lesarinnlegg om ei regjering som klarer å ha to tankar i hovudet samtidig. Eg synst det er rett trist at Soleim ikkje har den same tilliten til raumaværingane. Folket som ho tross alt har å takke for at ho er folkevald i kommunen. Denne mangelen på tillit kjem fram i lesarinnlegget hennar i ÅA onsdag 13. januar, der ho kjem med eit aldri så lite hjertesukk over at raumaværingen verker å være meir oppteken av hytterenovasjon enn av nasjonale og internasjonale kriser.

Ung og vågal som eg er vil være så freidig og nytte anledninga til å trygge Soleim om at den gjennomsnittlege raumaværingen er like oppegåande som dagens regjering. Ja, enkelte vil kanskje hevde endå meir oppegåande? Eg er sikker på at Johnny Hansen og dei andre som har engasjert seg i saka om hytterenovasjon er i stand til å ha fleire tankar i hovudet samtidig, på lik linje med regjeringa. Det gjeld både dei og resten av raumaværingane. Vi har medkjensle, bekymrar oss og engasjere oss i kriser lokalt og internasjonalt, samtidig som vi diskuterer meir kvardagslige saker som engasjerer oss.

Det er ikkje første gongen eg klør meg i hovudet over Renate Soleim sine meiningar.

Då ho meinte at samfunnsutviklinga skulle styre politikken og ikkje omvendt (ref. skuledebatten i Måndalen) trefte Åge Wold spikaren så til de grader på hovudet at det ikkje var noko poeng å sei meir.

Ved andre tilfelle har eg telt til ti, tenkt meg om fem gonger og konkludert med at det får gå for denne gongen. I dette tilfellet klarer eg dessverre ikkje klappe at brødskuffa.

Eg har full forståing for at Soleim som leiar i opposisjonspartiet Høgre er oppteken av å rette søkelys mot kutta ein blir nøydd å gjære i ein kommune med økonomiske utfordringar. Det hadde vel enkelt og greitt vore tenesteforsømming om ho ikkje satt lys på prioriteringa ho meiner er feil og prøvde å skape litt uro i kraft av sin posisjon.

Likevel skulle eg ønske at ho haldt seg for god for sånne sleivspark som vi kunne sjå i nemnde lesarinnlegg og kanskje var litt meir reflektert og nyansert i sine refleksjonar.

Situasjonen i USA påverkar naturleg nok Norge på eit storpolitisk og økonomisk plan som potensielt vil kunne få ringverknadar heilt ned til vårt vesle lokalsamfunn på lengre sikt. Men betyr det at mannen i Nesgata, bestemora i Måndalen eller den unge vaksne på Åfarnes skal slutte å bry seg om ting som betyr noko for dei fordi USA dett frå kvarandre? Sjølvsagt ikkje.

Raset i Gjerdrum er ei tragedie som har gått inn på oss alle. Dei fleste av oss satt nok med ein klump i halsen og tårar i auga etter kvart som rapportane kom inn. Sjølvsagt har det gått inn på folk og sjølvsagt har vi brydd oss. Det opptek oss, men det er fullt mogleg å være oppteken av ein sak utan å ytre det i det offentlige rom.

Akkurat som regjeringa har vi fleire tankar i hovudet samtidig. Realiteten er dessverre slik at vi ikkje kan sleppe alt vi har i hendene og sjå ut i verda kvar gong noko forferdelig skjer. Gjer vi det vil Rauma stagnere.

Ein av kjerneverdiane i eit velfungerande demokrati er at folket får bestemme fritt kva saker som opptek dei. Når Soleim som kommunestyrerepresentant tillèt seg å sitte på sin høge hest og meine noko om kva gjennomsnitts-raumaværingen skal være oppteken av og kva saker som er viktig nok til å diskutere blir eg oppriktig bekymra.

Kva saker som er viktig for oss og kva vi vel å diskutere offentlig synest eg kvar enkelt skal få vurdere sjølv utan å risikere å få ein pekefinger frå kommunestyrerepresentant Soleim. Dette uavhengig om det er hytterenovasjon i Rauma, amerikansk politikk, eller diverse kutt i det kommunale tilbodet som vert diskutert.

Det er ikkje særleg vanskelig å sjå kva Soleim prøver på og det er som sagt helt legitimt at ho prøver å rette søkelys på posisjonens politikk, men dette forsøket får null i stil og Lg frå meg.