Lesarbrev

Ny eigedomsskatt?

Ole S. Dahle. Arkivfoto.  Foto: Stein Siem

Leserbrev

Rett før jul kom krav om «Renovasjon – fritidsbolig». Dette kravet gir grunn til hakeslepp. Og med visning til lokalavisa er eg ikkje åleine om å reagere. Lat det vere klinkande klart, eg er ikkje i mot tvungen renovasjonsordning. Eg er glad for den gode ordninga vi har hatt i Rauma. Det skulle berre mangle at eg ikkje ser behovet for dette, og at eg er villig til å betale for denne gode tenesta. Eg ser og at avgifta ikkje kan differensierast etter eit millimeterprinsipp. Det er greitt nok å betale det same om dunken er full eller halvfull. Men når det er sagt, så har eg allereie betalt for den tenesta som eg no har fått nytt krav på. Det kostar ikkje RIR meir å samle inn mitt avfall som eg tek med meg frå setra og puttar i dunken enn om eg «produserte» det same avfallet heime! Dersom RIR hadde plassert dunkar på vegen frå setra og heim, skulle eg gjort mitt beste for å forstå kravet, for då kunne selskapet i det minste hevde ein kostnad med innsamling. Men eg har korkje sett eller høyrt om innsamlingspunkt mellom setra og heim.


Som alt sagt har eg forståing for at reglane må ha litt slingringsmonn, men reglane må ikkje forlate det grunnleggande, nemleg at reglane bygger på det faktum at selskapet har utført ei faktisk teneste som medfører kostnader for selskapet.


Slik eg oppfattar byråkraten i RIR i ÅA av 09.01.2021, er han lite opptatt av slike grunnleggande omsyn som eg har nemnd. Han er opptatt av heilt andre ting, og at det er viktig med like reglar for alle deltakarkommunane. Han går heller ikkje av vegen for å fyre av eit skremmeskot ved å påpeike at alle kommunane må vere einige om endringar i ordninga. Eg merkar meg at det er byråkraten som representerer RIR her mot folkevalde og abonnentar i Rauma. Signalet er tydeleg: Det skal ikkje bli lett å få til endringar.

Når byråkraten i RIR så kortfatta kommenterer visninga til Vestnes kommune, er han snar med vise til at slike moglegheiter ikkje er tatt inn i retningslinene. Men utan å seie det så avviser han ikkje at det er rom for lokal tilpassing. Her viser Vestnes veg! Når saka etter alt å dømme skal opp att i kommunestyret, blir vel strategien å prøve å påverke folkevalde representantar frå andre kommunar i RIR til å gjere endringar i retningslinene som samsvarar betre med terrenget. Alternativet kan vere å seie opp samarbeidsavtalen og søke tilknyting til eit anna renovasjonsselskap.

Er åpen for å se på saken om hytterenovasjon på nytt

Hytterenovasjonen i Rauma kommune har skapt stor frustrasjon.


Som påpeika ovanfor har eg fått krav på betaling for ei teneste som eg ikkje har fått. Og slik reglane er no med anledning til å fremme slikt krav, er dette ei ordning som råkar vilkårleg, og er etter mi meining ei ordning som er lite treffsikker. Slik ordninga er utforma no, har kommunen sendt krav på ein ny form for «eigedomsskatt»! For mitt vedkommande har eg fått krav av 25.11.2020 for kommunale avgifter/eiendomsskatt for eigedomen Loftskarsetra. Dette fører til ein auke i «eigedomsskatt» på om lag 50 prosent. Her held det ikkje med promille!

At eg samanliknar kravet eg har fått med eigedomsskatt, må ikkje misforståast. Eg er ikkje i mot eigedomsskatt, som eg ser som ei aktuell inntekt for å sikre velferdsordningane vi alle nyt godt av. Men eg ser ikkje like velvillig på ein «eigedomsskatt» som skal nyttast til å redusere driftskostnadene for heile RIR sitt virkeområde.


Når eigedomsskatt er tema i kommunestyret, brukar det å medføre litt temperatur. Men under behandlinga av ny renovasjonsordning med innføring av ein ny «eigedomsskatt» kan eg ikkje minnast at det vart registrert nokon særleg motstand. Skal eg kanskje gå ut frå at det skuldast at den nye «eigedomsskatten» vart innført etter ein annan heimel, eller skuldast det at representantane ikkje såg føre seg alle konsekvensane av vedtaket?