Lesarbrev

Hytterenovasjon – svar til Johnny Hansen

Varaordfører Magnhild Vik fra Senterpartiet, svarer Johnny Hansen om hytterenovasjon.   Foto: Even Ørjasæter

Leserbrev

Eg skriv ikkje om feiing her, då det ikkje har noko med RIR eller renovasjonsordninga å gjere, men Nordmøre og Romsdal brann og redning IKS, og regulerast av ny forskrift om brannforebygging for fritidsboliger frå 2016.

Dette med hytterenovasjon i Rauma har vore eit stort diskusjonstema, og Senterpartiet ved Kai Roger Sande har verkeleg jobba med å endre reglane for korleis hytterenovasjon skal praktiserast i Rauma.

Det eg først reagerer på i innlegget er at det blir sagt at «den eller de som har frontet denne saken for å fremme en generell hyttrenovasjon i Rauma, må ha svært lite lokalkunnskap om lokale forhold og lite interessert i å ivareta innbyggernes interesser». Ja, det kan du ha rett i. Men som du sjølv skriv, så er det Miljødirektoratet som kjem med pålegga, og at kommunane er pålagt å samle inn avfallet! Miljødirektoratet har svært lite lokalkunnskap. Dessutan er forskrifta om hytterenovasjon ein liten del av ein større samanheng.

Det neste er påstanden om at vi i kommunestyret «har med enkelhet delegert ansvaret med hytterenovasjon til RIR uten selv å ha vist større interesse i å legge arbeid i å differensiere ut fra lokale forhold, som de har myndighet for å gjøre». Vel , spør du Jan Egil Korseberg, tidlegare leiar i RIR, så vil han bekrefte at det har vore svært mykje arbeid, henvendelsar og diskusjonar med politikarar frå Rauma om akkurat dette emnet. Det har vore oppe i kommunestyret fleire gonger, og også i planutval, der diskusjonane gjekk ganske høglytt og der fleire vart varme i toppen! Eg synest det er betimeleg å vise til sakspapir i desse sakene, og håpar du har sett deg inn i saksbehandlinga lokalt i denne saka, då hadde du faktisk fått svar på mange av spørsmåla du stiller. Sakene det gjeld er sak 63/20 i utval for plan og forvaltning: Lokal forskrift om unntak fra forskrift om renovasjon i RIR- kommunene, Møre og Romsdal, Kommuestyresaker 45/2019, 46/2019 og 94/2020.

Du viser også til Vestnes kommune. Dei er med i ÅRIM, og har då tydelegvis andre reglar. Du kan ikkje her berre kritisere Rauma kommune, fordi det er RIR som har ansvaret for renovasjon. Du kan jo for så vidt kritisere Rauma for å ha gått inn i RIR, alternativet var i så fall NIR, som igjen har gått inn i eit nytt selskap saman med Hamos Forvaltning IKS og Envina IKS til ReMidt IKS. Eg veit ikkje korleis dei har løyst problematikken her, men i og med at regelverket gjeld for heile landet, har dei nok same problemstillingar der.

RIR har eit prinsipp om at det skal vere likt sett med reglar for alle kommunane. Dette betyr at vi som kommune har mulighet til å vedta lokale forskrifter, MEN då kan vi risikere å bli ekskludert frå RIR, som faktisk vart nemnt i dette tilfellet. Derfor må vi som stor hyttekommune arbeide for at regelverket i RIR eventuelt blir endra, slik at dei andre kommunane også kan ha same regelverk. Enten vi vil det eller ei er vi ein del av eit større selskap som skal ha overordna ansvar for renovasjonstilbudet hos oss. Då er det faktisk slik at dersom nokon skal betale mindre, må andre betale meir. Renovasjon skal foregå etter sjølvkostprinsippet, og då blir det slik.

Du nemner hytter du meiner bør få fritak, deriblant «sporadiske fjellhytter i Innfjorden (..) alle lokale fjellstyrehytter». I Innfjorden har vi eitt stort hyttefelt med over 120 tomter, inkludert seterbuer, elles nokre få andre hyttefelt/ seterstølar. Det er ikkje mange sporadiske fjellhytter her. Fjellstyrehyttene er jo opne for overnattingar frå alle som vil, og kan teoretisk produsere ein del søppel. Hytteforeninga her hadde tidlegare ordna med container nede ved Arvid Gjerde AS, og eg har inntrykk av at denne vart flittig brukt. Då RIR overtok ansvaret, vart denne containeren borte, og dunkar vart sett opp nede ved riksvegen av RIR. Det same er gjort i Måndalen, i Isfjorden og på Åfarnes. Det som er ulempen med dette er at fastbuande og andre må kjøre ein omveg for å levere søppel, i tillegg til at desse containerane/ dunkane er fulle av søppel frå forbipasserande. Dersom denne ordninga med hytterenovasjon skal fungere, må dunkane stå der vegen frå hyttene møter offentleg veg! Dette har vi spela inn til RIR. Rauma har representant i styret – Mari Melbø Rødstøl, og to i Representantskapet – Renate Soleim og Knut Johan Stenerud, så desse blir viktige i arbeidet her.

Det er fleire ting RIR kan bli betre på, og vi må arbeide vidare med å få reglane til å fungere så smidig som muleg. MEN det overordna målet her må vere at mest muleg blir samla inn. Då kan det faktisk hende at vi må betale for det, sjølv om behovet er lite eller fråverande.

Til slutt er det faktisk slik: Skal vi ha eit system for renovasjon av hytteavfall? I Rauma er det over 1200 hytter, mange hytteeigarar er frå andre kommunar. Eg las eit innlegg frå ein kar på nordsida av kommunen i går på FB, der han ba den som hadde dumpa ein søplesekk i hans dunk om å komme å hente den igjen. «Dumparen» kom tydelegvis ned frå eit hyttefelt, og hadde behov for å kvitte seg med søpla etter jula. Dette viser jo at det er eit behov for renovasjonsordningar for hyttefolk. Det kan verke urettferdig og unødvendig for den som har ei lita hytte langt unna folk, utan vatn, veg og straum. I Rauma har vi alle typer hytter: Store «hus» der eigarane er halve året, kontra ei falleferdig seterbu. Alle ser at dette ikkje er rettferdig. Men då er det regelverket i RIR vi må endre, i og med at vi er ein del av dette interkommunale selskapet. Det er også slik i det overordna regelverket at det ikkje kan gjerast forskjell på innbyggarar i Rauma og folk utanfrå.

Eg håpar at dei som er interesserte i bakgrunnen for saka, les sakspapir frå planutval og kommunestyre. Dei ligg på kommunen sine heimesider.

Kort oppsummert:

  • RIR har like reglar for alle deltakarkommunane.
  • Renovasjon er drive etter sjølvkostprinsippet: Kommunane tjener ikkje på renovasjon, vi betaler det ordninga kostar, altså lavare pris pr husstand om det er mange som deler på.
  • Nasjonale og internasjonale reglar sett krav til innsamling og gjenvinningsprosent av avfall
  • Vi må jobbe vidare for å få reglar som opplevest meir riktige.