Lesarbrev

Ap og Kjølmoen, bruk kuleramme!

Frank Sve.  Foto: Per-Kristian Bratteng

Leserbrev

Kaste stein i glasshus er som kjent lite lurt, og når Ap sin Per Vidar Kjølmoen skal forsøke å sverte andre for budsjettkontroll og økonomisk forståelse i fylkeskommunen, er det lurt å ha lært å rekne sjølve fyrst.

I fylkesutvalget i går vart budsjett 2021 med økonomiplan 2021-2024 behandla.

I den samanheng la «Kuttkameratane» dvs Ap, Sp, KrF, V, MDG og SV fram sitt framlegg, fronta av Ap sin Per Vidar Kjølmoen.

Kjølmoen raljerte over andre parti sine budsjettframlegg og skrytte av sin eigen fortreffeligheit og kor dårlig vi andre var i fylkeskommunal økonomi.

Alle huskar dei enorme kutta som «Kuttkameratane» Ap og Sp og co gjennomførte både sist år og i år, fleire hundre mill. kr. i kutt, samtidig som fylket sette nesten norgesrekord i resultat med 313,5 mill. kr i eit heilt uventa overskot.

No igjen burde Kjølmoen og resten av fleirtalet i fylket leite fram «kuleramma» for det har dei verkeleg behov for.

For, i budsjettframlegg til Kjølmoen og co har dei ikkje inndekking og balanse i budsjettet, og dei manglar 47,8 mill. kr, som Kjølmoen må dekke inn gjennom ytterlegare kutt, eller bruke av disposisjonsfond.

Bruk av disposisjonsfond er nok utenkelig då økonomisjefen var tydeleg på at dette alt er uforholdsmessig lavt i forhold til vedteken plan.

Såleis Per Vidar Kjølmoen, står du igjen med å leve opp til utrykket « Kuttkameratane» som einaste alternativ, og det skal bli interessant å sjå kvar ytterlegare kutt på 47,8 mill. kr kjem.

Så til neste gong Ap og Kjølmoen skal kritisere andre parti for budsjettkontroll og økonomiforståelse i fylkeskommunen, så bør «kuleramma takast fram» og litt øving før møtet kan vere lurt frå Ap sin side.