Lesarbrev

Greinalause ferjekutt!

  Foto: Per-Kristian Bratteng

Leserbrev

Sp, Ap og resten av «raudingane» kuttar ferjeavganger på ferjerutene

  • Stranda-Liabygda
  • Hareid-Sulesund
  • Eidsdal- Linge
  • Åfarnes-Sølsnes
  • Årvika- Koparnes
  • Hundeidvik- Festøya
  • Volda-Lauvstad
  • Kvanne-Rykjem
  • Molde-Sekken
  • Larsnes-Åram- Voksa-Kvamsøy
  • Aukra-Hollinghomen
  • Edøya-Sandvika

Dette er klart etter samferdselsutvalgsmøtet 9/11 der det altså vart kutta ferjeavganger for om lag 20 mill. kr.

Når fylkesrådmannen har avlyst økonomikrisa i fylket, blir det merkeleg at ferjedrifta vert kutta, noko som rammar næringslivet og innbyggjarane knallhardt- og i staden prioriterar dei som styrer fylket bypakkar, og opera med heile 350 mill. kr, og ein ufattelig kraftig auke av fylkesadministrasjonen.

Frps Frank Sve.  Foto: Per-Kristian Bratteng

Dette her er berre trist, greinalaust trist.

Men, innbyggjarane her i fylket har no stemt på desse partia, då er det vel opera, bypakkar og auka fylkesadministrasjon som gjelder då, medan fylkeskommunen lever i «sus og i dus» så skal altså ferjedrifta raserast på verst tenkeleg måte for næringslivet og innbyggjarane her i fylket.

Frp kjempar kvar ein dag mot denne aldeles hjelpeslause politikken, og er rett og slett sjokkert over korleis spesielt Sp her i fylket fer åt mot innbyggjarane og næringslivet i distrikta.

Det vi no ser med kraftige kutt innan ferjedrifta og vidaregåande skular, er rett og slett Sp i praksis.