Leserbrev

Kva er mest ekstremt?

Naturvernforbundets leder i Møre og Romsdal, Øystein Folden.  Foto: Privat

Leserbrev

Når det gjeld store rovdyr er det i alle fall mest ekstremt å ville fjerne dei frå norsk natur. Eit økosystem der det finst store rovdyr er faktisk det heilt normale.

Når Senterpartiet seier at jervbestanden er 73% over målet i Midt-Noreg, så er det ein del av statistikken som kan misbrukast ganske grovt. Midt-Noreg kan delast inn i 6 mindre delar, der kvart av dei gamle fylka har eit område der jerven skal få vere, og eit område der beitenæringa har prioritet, utan at det er lovnad om at beiteområda er frie for jerv. Inndelinga av fylka er det politikarane i rovviltnemnda som har vedtatt, og Senterpartiet var ein del av fleirtalet i nemnda.

I Møre og Romsdal er forvaltingsområdet for jerv langt på veg Dovrefjell-Sunndalsfjella og Reinheimen. Der er det mål om 3 årlege ynglingar, som utgjer ca. 19 jerv. Dei siste 10 åra har ein hatt fleire ynglingar i Møre og Romsdal, men innanfor forvaltingsområdet er det mest normalt at ein ligg under eller på målet om ynglingar. Ser ein på tal dyr ein finn DNA frå i forvaltingsområdet, har det sjeldan vore meir enn mellom halvparten og to tredelar av målet.

Vilkåret for at ein har beiteprioriterte soner der det skal vere lett å avlive store rovdyr, er at bestanden er stor nok i forvaltingsområda. Skal ein tale om å fjerne rovdyra frå beiteområda, så må ein også gjere ein innsats for at bestanden blir stor nok der rovdyra skal prioriterast.

Senterpartiet har foreslått kvote også i forvaltingsområdet, sjølv om bestanden ikkje er større enn målet. Senterpartiet har gitt uttrykk for at dei vil ha store kvoter på utsida av forvaltingsområdet, slik at dei kan skyte dyr frå forvaltingsområdet så snart dei er ein tur på utsida. Senterpartiet vil også at SNO skyter dei dyra som jegerane ikkje klarar av kvota, anten ein veit om dyra finst eller ikkje. Dei får elles god hjelp av landbruksforvaltinga som legg fram oversyn over «store tap», der det ikkje er gjort skilnad mellom tap i beiteprioritert område og forvaltingsområdet for jerv. Det er i grunnen å narre beitebrukarar til å tru at rovdyra ikkje skal vere i forvaltingsområdet. Forvaltingsplanen seier at i forvaltingsområdet må beitenæringa innrette seg etter rovdyra og ikkje omvendt. Dessutan vil det også vere rovdyr som ein må akseptere utanfor forvaltingsområdet. Dette sidan det ikkje finst noko gjerde langs grensa, eller buffersone. Å vere uryddig med dette er å auke konfliktnivået.

Etter forvaltingsplanen er det i Trollheimen det no er fleire jerv enn målet seier. Der finst det ei kvote på 7 dyr i Møre og Romsdal. Så mange jerv er det truleg ikkje i denne delen av Trollheimen, og det er kvoter i Trøndelag også. Elles er det først og fremst i Nord-Trøndelag at det er fleire jerv enn målet i forvaltingsplanen seier. Der er det også store kvoter.

Ein del av kommunane på Nordmøre ligg i forvaltingsområdet for gaupe, vedtatt av rovviltnemnda. Det tyder at det skal vere normalt at det finst gaupe i området. Då vil det oppstå skader på sau, og det er beitebruket som skal tilpasse seg at det er gaupe i området. Det skal vere mellom 10 og 15 gauper etter gamalt mål, og det har vore meint at Nord-Trøndelag skulle få redusert mål mot at Møre og Romsdal får auka ansvar. Lovnaden til Nord-Trøndelag høyrar ein om av og til, auka plikt for Møre og Romsdal likar ikkje nemnda å tale om. Legg ein lista på 4 familiegrupper årleg, så utgjer det kring 25 gauper.

Beitebrukarane i området kan elles redusere gaupebestanden ved å redusere hjortedyrbestanden mykje. Då blir mattilgangen til gaupa om vinteren mindre, og det vil gje resultat. Det vil skogen ha veldig godt av også.