Lesarbrev

Det er nokon som har barn bosatt i bygda

Eldest: Ein tredel av innbyggarane i Rødven er over 60 år. Målfrid Gjerstad, Sverre Gjerstad, Oddvar Brevik, Arnfinn Øverland og Magna Sæbø er fem av dei.  Foto: Stein Siem

Leserbrev

I Åndalsnes Avis laurdag den 31/10, var det ein artikkel om Rødven. Eg var ikkje til stades på intervjuet, men vart huka da dei skulle ta bilete.

Der står det bl.a. at det var ikkje nokon som hadde barn busett i bygda. Min son har busett seg i Rødven med sambuar og to barn.

Folketalet går drastisk nedover:

33,6 prosent over 60 år

Folketalet i Rauma går ned. Bygda Rødven er eit eksempel kor store utfordringane er. Så stor krise er det for Nordsida av Rauma at det er tid for å brenne vardebål på fjelltoppane.


Når det gjeld barnehagen i Eidsbygda, er det etter mi meining sju av barna der frå Rødven. Og eg trur at det kan komme unge familiar flyttande til bygda.

Ein familie har nyleg flytta hit, og det har vist seg før at det har smitteeffekt.

Då er det viktig at det er barnehage i nærmiljøet. Det er ikkje første gong me er nede i ein bølgedal.