Lesarbrev:

Partia må ta politiske grep i jerveforvaltninga

Jerv skutt i Brøstdalen januar 2019.  Foto: Arnt Øyvind Siem

Leserbrev

Med støtte frå Møre og Romsdal sau og geit og Møre og Romsdal bonde- og småbrukarlag ber Møre og Romsdal Bondelag om at dei politiske partia no tek opp at det trengst ekstraordinære tiltak for å sørga for at jervebestanden blir i samsvar med Stortinget sitt fastsette bestandsmål.

Beitenæringa har lokalt stor betydning for busetjing og sysselsetjing i Møre og Romsdal. Særleg gjeld dette i indre delar av fylket, der det lokalt er store problem med tap av beitedyr til rovdyr. Ifølge Statens Landbruksforvaltning var det ein nedgang på 30 sauebesetningar i Møre og Romsdal frå 2018 til 2019.

Møre og Romsdal Bondelag minner om at Stortinget har vedtatt at vi skal ha både rovdyr og beitedyr i norsk natur og at det er sett klare mål for kor stor jervebestanden skal vera. Bestanden er no langt større enn det som Stortinget har fastsett, men vi opplever det som administrativt vanskeleg på få til ei regulering ned på bestandsmålet. For å sikra at bestanden blir tatt ned på Stortinget sitt fastsette mål ber vi no om at det blir tatt politiske grep. Dette kan t.d. vera i samband med nye partiprogram, eller når andre muligheter byr seg.

Bestandssituasjon for jerv

Stortinget har vedtatt eit nasjonalt bestandsmål for jerv på 39 årlege ynglingar. Siste oversikt frå Rovdata syner minst 63 ynglingar i 2020. Om vi ser på gjennomsnitt for dei seinare åra er dette også langt over målet. Antal årlege ynglingar ligg no godt over bestandsmålet i alle rovviltregionane som skal ha jerv. For Møre og Romsdal er det registrert 6 ynglingar, det doble av bestandsmålet. Dette viser klart at jerveforvaltninga no er ute av kontroll, og at det er behov for meir effektive tiltak for å for å få bestanden i samsvar med bestandsmålet fastsett av Stortinget.

Lisensjakta strekk ikkje til – det trengst ekstraordinære tiltak

Det viktigaste verkemiddelet for regulering av jervebestanden er lisensjakt. Samla kvote for lisensjakt i 2019-2020 var totalt 120 dyr, men resultatet av lisensjakta var at kun 72 dyr vart felt. Sjølv om dette er ein auke frå året før (59 dyr), er antal ynglingar likevel ikkje redusert. Dette viser klart at lisensfelling i si noverande form ikkje er eit tilstrekkeleg verkemiddel for regulering av jervebestanden og at det trengst ekstraordinære tiltak for å få bestanden i samsvar med bestandsmålet.

Staten må ta ansvar for ekstraordinært uttak av jerv

Møre og Romsdal Bondelag meiner at lisensjakta framleis skal vera hovedverkemiddelet i forvaltninga. Og det kan gjerne innførast fleire tiltak som lettar utøvinga. Men vi meiner at når det blir så stort gap mellom bestandsmål og faktiske ynglingar som det er no, kan det ikkje lengre overlatast kun til lisensjegar å få bestanden ned på bestandsmålet. Det må difor vera staten sitt klare ansvar å sørga for at jervebestanden blir i samsvar med bestandsmålet. Statens naturoppsyn (SNO) er staten sitt redskap i denne samanhengen. Vi ønskjer i størst muleg grad å unngå ekstraordinære uttak gjennom hiuttak v/SNO etter 15.2.

Møre og Romsdal Bondelag foreslår difor følgjande:

1) Ordinær utøving av lisensjakt innafor lisensjaktperioden. (10.9. – 15.2.)

2) Dersom det ut frå erfaring med lisensjakt i regionen, og innan t.d. 10.11., viser seg å vera vanskeleg å fella jerv, må SNO inn og regulera bestanden i samsvar med bestandsmålet. Det må lagast regelverk for korleis dette skal gjerast.

3) Dersom SNO går inn og regulerer bestanden i lisensjaktperioden vil ein kunne redusera hiuttak seinare på vinteren.

4) Det må klargjerast at staten har det overordna ansvaret for å sørga for at rovdyrbestanden blir i samsvar med Stortinget sitt fastsette bestandsmål når dette ikkje blir oppnådd gjennom ordinær lisensjakt/felling.

Kommentarar

a) Så lenge bestandsmålet i regionen er nådd vil ei regulering som nevnt over kunne gjennomførast innafor den kvota som rovviltnemnda har vedtatt.

b) SNO må få instruks om uttak frå Miljødirektoratet. Sjå pkt c). Sjå også Forskrift om forvaltning av rovvilt, §10, 6.ledd.

c) Vi viser også til Forskrift om forvaltning av rovvilt, §13, siste ledd:

Direktoratet eller den det bemyndiger kan, uten hensyn til de regler som ellers gjelder, av eget tiltak iverksette felling av vilt, når dette anses nødvendig for å ivareta offentlige interesser av betydning, herunder å forhindre skade på person, vesentlig skade på eiendom, eller skade på naturlig fauna, flora eller økosystemer, jf. naturmangfoldloven § 18 tredje ledd.

I denne samanhengen må det vera sjølvsagt at det er ei offentleg interesse å sikra at jervebestanden er i samsvar med bestandsmål fastsett av Stortinget.