Lesarbrev:

Rødvendalingar vil ha barnehage i Eidsbygda!

Eidsbygda barnehage foreslås nedlagt  Foto: Even Ørjasæter

Leserbrev

Rødven har mista mykje; korttidsbarnehage, skule, postkontor m.m. No er det berre ein smal veg med dårleg vedlikehald att. Sentraliseringa har hatt sin depressive pris. Men vi gir oss ikkje. No er det vår næraste barnehage det står om, - i Eidsbygda. Barnehagebarn i Rødven er godt tente med Eidsbygda barnehage. Denne barnehagen ligg på vegen der dei fleste foreldre køyrer til arbeidet sitt, - mot Åndalsnes. Det er eit godt tilbod.

Til hausten er det 7 aktuelle barnehagebarn i Rødven, og vi trur ikkje mange av desse vil styrke barnehagetilbodet på Åfarnes. Det blir ein altfor lang omveg å levere barna der ute.

Difor kjem vi med ei audmjuk bøn til Rauma kommunestyre; Lat oss få behalde barnehagen i Eidsbygda! Set ikkje bom for at unge menneske kan flytte til og bu i bygda vår!


Rødven Bygdekvinnelag

v. leiar Maj Gerd Päbel Skomsø