Lesarbrev

Utvikling i ei vanskeleg tid

Janne Søvik i onsdagens formannskapsmøte. Til høyre Lars Olav Hustad..  Foto: Per-Kristian Bratteng

Leserbrev

Det er verkeleg synd at ikkje ÅA klarer å referere ein meir nyansert debatt frå formannskapsmøtet den 28.10.20 enn det som står på trykk i dagens avis. Avisa burde få med seg innspel frå heile debatten, ikkje vere så selektiv som i dette tilfellet.

Min oppleving av budsjettdebatten var ein kommunedirektør som sakleg og strukturert gjekk igjennom forslag til budsjett- og økonomiplan, og eit formannskap som i etterkant kommenterte og drøfta på ein sakleg og fin måte ved å trekke fram viktige moment i dei ulike sakene.

At Lars Olav Hustad og Høgre er sterkt ueinig i at Måndalen skal ha ungdomsskule har han vore tydeleg på dei siste åra. Det er blant anna derfor mange av oss har kjempa og venta i årevis på eit «regimeskifte», eit skifte der ei sak kan bli sett frå fleire sider.

Måndalen ungdomsskule vil frå hausten 2023 til hausten 2029 ha frå 41 til 47 elevar. Deretter vil elevtalet med stor sannsynleg vekse. Totalt på den nye skulen vil elevtalet ligge på rundt 120 dei neste åra. Er ikkje det ei heilt fantastisk fin elevgruppe å kunne jobbe med? Eit elevtal på 25 og 30 elevar på ungdomstrinnet i Måndalen, som både Lars Olav Hustad og kommunedirektøren har operert med i ulike samanhengar er heilt feil.

Med sal av mange nye tomter i Måndalen, ny barnehage (hausten -21), stort nytt omsorgssenter, ny barne- og ungdomsskule, flott idrettsanlegg, fibertilbud i alle område, mange industriarbeidsplassar og elles eit stort bu- og arbeidsmarknad (Vestnes, Molde, Ålesund) vil Måndalen få tilflytting og folketalsauke dei nærmaste åra, det er heilt sikkert.

Med ein storslått natur, jakt og fiske, eit mangfald av aktivitetstilbod ligg alt til rette for vekst og utvikling. Det er då det blir så feil å tenke sentralisering. Det er heller ingen som ønsker at barnet sitt på 13 år skal bruke opp mot to timar t/r fem dagar i veka når ein har eit fantastisk tilbod i si eiga bygd.

Dei siste ti åra har reiselivssatsinga i kommunen vore det store temaet og det er flott, men vi kan ikkje berre satse på ein hest. Vi må ha folk som bor i både bygd og by. Då må vi legge til rette for det, i tråd med vedteken samfunnsplan for Rauma kommune. Rauma må ta sats, stå på for vekst og utvikling sjølv om vi no er inne i ei økonomisk svært vanskeleg tid.

I resten av kommunen står det no flotte skulebygg og barnehagar (Leiktun i Isfjorden står for tur) i tillegg til oppgraderte idrettsanlegg. Måndalen er den nest største bygda i kommunen og har fått ei gåvepakke på langt over 30 mill. frå eit svært oppegåande næringsliv i denne bygda. Endeleg kan vi alle gå inn for å få realisert og fullført eit sårt tiltrengt nytt skulebygg på sørsida av kommunen.