Lesarbrev

Planprogram for E 136, Flatmark-Skiri

Torbjørn Bruaset.  Foto: Per-Kristian Bratteng

Leserbrev

Personleg har eg eit langt meir avslappa forhold til miljø og naturvern enn kva dei har dei fleste som bur oppe i Romsdalen. Men også eg vil at vegbygginga skal skje slik at Romsdalen blir å kjenne att, når vegen er ferdig.

I Noreg er det mange hundre bebudde dalføre med elv og veg, men ingen kan måle seg med Romsdalen, nettopp p.g.a. den mektige og samansette naturen vi har i denne delen av dalen. Ja, eg forstår ikkje heilt at det blir lagt til rette for at alle turistar skal stoppe på Horgheimseidet, mens dei skal køyre forbi Flatmark og Skiri med 90 km i timen.

Dette er ei sak som for meg handlar om mykje meir enn ny veg. Dette handlar om å bevare hus og heim, og det handlar om viktige natur og kulturverdiar, og ei dramatisk historie.

Dette har vi alle eit ansvar for, ikkje berre overfor dei som bur der i dag, men også dei som gjennom generasjonar har skapt desse verdiane og kjempa for å overleve i denne mektige naturen. Staten har eit særleg stort ansvar som har verna desse områda. For det var vel ein grunn til vernet, både av landskap og elva?

På informasjonsmøtet den 1. september kom det skuldingar frå Vegvesenet om trenering av saka. Er det nokon som har trenert så er det Vegvesenet sjølv. Under synfaringa den 13. juni i fjor orienterte Vegvesenet om dei tre alternativa som då låg føre. Ingen nemnde, eller bad om endå eitt alternativ. Likevel så kontaktar Vegvesenet administrasjonen i kommunen og ber om samtykke til å lansere endå eitt forslag, alt. 4.

På mange måtar er saka lengre unna ei løysing i dag, enn den var for eitt og eitt halvt år sidan. Dette er Vegvesenets sitt ansvar!

Og kan vi ha tiltru til planleggarane og dei tala dei legg fram, når dei i sitt brev av 12.10. d.å. stiller krav om kva vedtak kommunen må gjere, elles blir heile prosjektet skrinlagt?

På informasjonsmøtet den 1. september var det ein stor delegasjon som møtte frå vegkontoret, og etter titlane dei vart presentert med, så var dei leiarar ved avdelinga i Molde, men ingen av desse sa eitt einaste ord. Om eit prosjekt med førsteprioritet hos alle skal leggast til side, så må vel det avgjerast av andre enn planleggarane.

Alt. 4 er tenkt, og blir fullt ut brukt som eitt reint pressmiddel for å få aksept for alt. 3.

Slik eg forstår det så er målet at vi skal få ein veg frå Ålesund til Oslo utan redusert fartsgrense nokon stad. Dette er ikkje realistisk, og heilt unødvendig. Like etter at Romsdalen er passert, så møter vi på Bjorli ei rett strekning med fartsgrense på 40 km/t. Det er også mange vanskelege strekningar med redusert fart på europavegen i vår kommune.

At det er fare for flaum i Romsdalen forstår alle, men denne faren er sterkt overdriven av Vegvesenet. Kva vil vi ha att etter 200-årsflaumen på over 1000 kubikkmeter i sekundet, dersom vegen blir bygd slik vegvesenet vil, med ei høgd på over 6 meter over dagens veg?

Då vil vi kanskje ha nokre kilometer med europaveg med 90 km/t fartsgrense midt oppe i Romsdalen. Alt av hus og bygningar vil vere borte, om folket bergar seg er uvisst. Europavegen både oppstraums og nedstraums vil vere borte.

Og det er vel ikkje berre ved bygging av alt. 1 at det kan bli 200-årsflaum?

Endring av traseen for Raumabanen kan heller ikkje vere noko problem i forhold til drifta av banen, så lenge banen blir stengt i vekes- og månadsvis p.g.a. innspeling av ein film.

Laksen er det mange som er opptekne av, også eg. Dei prøvingane ei utbygging av alt. 1 vil vere for laksen er bagatellmessige mot det Raumalaksen har vore gjennom med gyro og fleire rotenonbehandlingar. Rapportar både frå 2007 og 2019 viser at det går å utbetre vegen etter alt. 1 utan at elva blir øydelagt.

No må kommunestyret manne seg opp å gjere eit vedtak slik at det i neste års valkamp blir unødvendig at samferdselsministeren kjem til Åndalsnes og krabbar opp i ein trailer og blir køyrd til Bjorli og ned att. Og så etterpå sei til Åndalsnes Avis «slik kan vi ikkje ha det». Dette har vore eitt fast innslag i alle valkampar dei siste 20 åra!

Kommunestyret bør no stå fast på den tidlegare vedtekne plana, alt. 1, gjerne i ei moderert utgåve.

Å gå vidare med alt. 3 og 4 betyr at ein overlèt til andre, også rettsvesenet, å ta dei slutningane som ligg hos kommunen.