Spørsmål til Lars Olav Hustad

Skribenten meiner Romsdalsaksen vil komplettere Langfjordsambandet.  Foto: Romsdalsaksen AS

Leserbrev

Gode namnebror, Lars Olav Hustad, i ein kommentar til Sunnmørsposten sin leiar «Tid for å avslutte aksekrangelen og bygge Møreaksen» 17.10. i år går du hardt ut mot fleire kommentarar som er kritiske til Sunnmørsposten sin leiar. Du har nokre gode poeng. Men i eit svar til meg seier du at eg blandar saman fylkesveg og europaveg når eg argumenterer med at Romsdalsaksen (E39) og Langfjordsambandet (Fv 64) kompletterer kvarandre, og at dette skjer ved at Romsdalsaksen skaffar bru over Fannefjorden, så det ikkje blir behov for nytt løp i Fannefjordtunnelen, noko som sparer fylket for store summar. I tillegg til at Romsdalsaksen skaffar ny effektiv veg utanom busetnaden på Skålahalvøya, og dermed eliminerer behovet for ei oppgradering av fylkesveg 64 på Skålahalvøya. Kanskje kan Romsdalsaksen også redusere behovet for ei kostbar oppgradering av fylkesveg 64 Åfarnes-Åndalsnes. Kombinasjonen Langfjordbrua/Romsdalsaksen gjer også vegen raskare og tryggare.


Kva er det eg blandar saman? Seier du at Romsdalsaksen ikkje vil ha desse gunstige verknadane på dei fylkeskommunale investeringane og på trafikkavviklinga langs nemnde strekningar? Eg ber om at du grunngir dette.


Grunnen til at eg blandar meg inn i tilhøve i Rauma kommune, er at det vil få stor betydning for trafikken langs desse strekningane om Langfjordsambandet blir bygd med eller utan Romsdalsaksen. Det aller beste og rimelegaste vil vere ei samankopling av Langfjordbrua og Romsdalsaksen. Men då må Romsdalsaksen byggjast først.


Eg ser fram til at du deler dine tankar med oss alle om dette, som eg ba om i aviskommentaren.


Elles ynskjer eg dykk alle ei fin framtid. Det er då mykje spanande som skjer i Rauma for tida.