Leserbrev:

Takk for opplysninga, Renate!

Debattant: Aage Wold  Foto: Øystein Talberg

Leserbrev

Skal utvklinga bestemme politikken, eller skal politikken bestemme utviklinga ?

Nokre dagar (veker) om hausten er eg so heldig å vere utan tilgang, ikkje berre på aviser, men på mobiltelefon, internett og andre moderne kommunikasjonmiddel. Men i eit kort opphald i denne herlege situasjonen opplever eg at Åndalsnes Avis av og til har interessante innlegg og gjev meg ei forsterka oppleving av at eg er utgått på dato. Denne gongen politikar Renate Soleims bastante konklusjon om at nedgangen i barnetalet (elevgrunnlaget) i distrikta (i dette tilfelle Måndalen) for alltid er bestemt, truleg av høgre makter, og at det må politikarane i Rauma ha som sitt utgangspunkt, og for all del ikkje kjempe mot og prøve hindre.

Takk for opplysninga, Renate! Eg burde sjølvsagt for lengst ha innsett, som du, at i Rauma bør det vere «utviklinga» som bestemmer politikken, og ikkje politikken som bestemmer utviklinga.