Lesarbrev

Kjære Renate og Rauma Høgre

Janne Søvik.  Foto: Privat

Leserbrev

Det er lett å forstå at det er vanskeleg for Rauma Høgre å gi seg på eit vedtak ein er så ueinig i. Men fleirtalet vil ha ny ungdomsskule i Måndalen og eit lovleg fatta vedtak skal ein vel ha respekt og lojalitet overfor. Det er ikkje bra at skulen i Måndalen, gong etter gong skal vere gjenstand for omkampar og «gamle» debattar. Dette skaper unødvendig usikkerheit og frustrasjon.

Det blir i lesarinnlegget til Renate Soleim i ÅA 01.09.20, spurt om det er rett å bruke 3 mill. ekstra på 25 elevar ved Måndalen ungdomsskule. Kvar kjem desse tala frå?

Om ein brukar statistikk for elevgrunnlag som ligg i høyringsutkast for Måndalen skule, vil det gjennomsnittleg elevtalet ved Måndalen ungdomsskule til og med 2024 ligge på 37 elevar.

Med stor sannsynlegheit vil elevtalet/talet på barn i Måndalen vekse i tida framover med dei gode nyheitene om ny barnehage, ny skule og eit tomtesal over all forventning. Måndalen har mange kommunale og private arbeidsplassar, eit stort og sterkt næringsliv, stort bu- og arbeidsmarknad (ein time til Molde og Ålesund), aktivt idrettslag, ungdomslag osv. Ikkje minst så har elevar, foresatte, tilsette ved skulen, næringsliv og fleirtalet i kommunestyret sagt klart ifrå at ny barne- og ungdomsskule er ønska og forventa bygd i Rauma si nest største bygd.

Rauma kommune bruker langt mindre pengar enn samanliknbare kommunar på skule og opplæring. Enkelte andre sektorar i kommunen brukar langt, langt over samanliknbare kommunar (kostratal). Dette må vi ta inn over oss og gjære noko med.

Kommunen har fått ei gåvepakke frå næringslivet på sørsida. Dette har gitt kommunen ei moglegheit til å realisere ein sårt tiltreng ny skule som mange av oss har venta på i 10 – 15 år.

Konsekvensar ved ei tenkt sentralisering av ungdomsskule:

  • elevar med lengst skuleveg vi bruke om lag to timar av fritida si, fem dagar i veka, til reise tur/retur Åndalsnes. Fritid som skulle gått til lekselesing, idrett og andre fritidsaktivitetar, tid med familie og vener.
  • det vil bli store kostnadar skyss/buss. Sjølv om det meste av denne kostnaden tilfell fylkeskommunen må vi tenke heilskap. Dei samfunnsøkonomiske konsekvensane blir store når ein skal frakte elevar til og frå skulen, foreldre som skal til og frå skulen på møter, tilstellingar osv.
  • tilrettelegging for rundt 37 nye elevar ved Åndalsnes ungdomsskule vil krevje større klasserom, fleire grupperom, fleire lærarar eller assistentar og nye lokale til vaksenopplæringa som i dag har tilhald ved Åndalsnes ungdomsskule. Eg er svært usikkert på om det i det heile ville blitt spart pengar på ei sentralisering, også over tid.

Arbeidarpartiet vil at alle barn/elevar i kommunen skal ha likeverdige, og så gode oppvekstvilkår som mogleg, vi vil ta vare på tradisjonar, kultur og verdiar som å sjå og lytte til folket i kommunen.