Leserbrev

Verdens beste kommune for naturglade mennesker

Kloakkanlegg ved Oravatnet i Eidsbygda  Foto: Per-Kristian Bratteng

Leserbrev

Eg vil med dette nytte anledninga til å gratulere både politikarar og administrasjon i «Verdens beste kommune for naturglade mennesker» med å ha gjeve løyve til kloakkutslepp i ei elv i Eidsbygda som sidan tidenes morgen har vore så uheldig og ikkje fått teke del i samfunnutviklinga slik sett. No blir det andre bollar med både nye bakteriar og tungmetall, kanskje ein til og med får alle regnbogens fargar nedover sva-berga? Dette er det som gjer at ein har tru på framtida, det at det finns byggherrar, entreprenørar og saksbehandlarar som verkeleg går føre og banar vei. Ei stor takk går også til kommunen/politikarane/entreprenør for at kloakkutsleppet ikkje vart kobla på eksisterande avløpsnett som ligg i nærleiken av den grå og triste elva utan forureining . Det hadde då sjølvsagt vorte ein reell fare for at desse to nye utsleppa, pluss dei eksisterande 10, kunne blitt ført til sjøs, som er ein dårlegare resipient med tanke på kloakkutslepp. Slikt berre gjer ein ikkje, og eg finn det urimeleg at nokon skal bli belemra med eit valg om å føre utslepp til sjø, all den tid det er elvar igjen som kan føre det til sjøs.

Som oftast kunne ting vore gjort betre, slik også her: Det som entreprenør og sakshandsamar kunne gjort meir elegant, var å lede utsleppet tilbake til Oravatnet, sidan utsleppet er nesten 100% reint. Det ville kanskje bli behov for eit litt argare renseanlegg for vassverka i Eidsbygda, men mykje rimelegare for byggherre. Men når eg tenkjer meg om, so er det vel mest elegant å få utsleppet/skiten over på naboen.

Når det gjeld steinkasting, blir eg imponert over ansvarleg søkjar sine prestasjonar, det er ca 180 meter i luftlinje mellom dei to punkta ANS beskriv. Her har bygda eit OL-emne.

Bakgrunnen min for å meine noko om dette, er at eg noko yngre enn eg er i dag, leika i denne elva. Vart våt og kald, og sikkert forkjøla og. Difor skriv eg dette for å takke dei involverte som prøvar so godt dei kan å stoppe ungar og eldre i å leike i denne elva.