Lesarbrev

Mobbeombod-saka

Nils Valde.  Foto: Stein Siem

Leserbrev

Eg har fylgt med denne saka. Eg såg at formannskapet hadde hatt saka etter at ho kom frå rådmannen. Så las eg innlegget Torbjørn hadde i torsdagsavisa. Først må eg seie at eg vart nokså sjokkert då eg såg korleis somme representantar uttala seg mot rådmannen. Ser at Torbjørn også er noko «overgidd» over det. Det hender at administrasjonen (rådmannen) er klokare enn politikarane. Det ser ut for at rådmannen har forhøyrt seg med dei som kjenner problemet best. Elles må eg seie at Torbjørn hadde eit godt og opplysande svar på det angrepet som galdt han.

Så var eg innpå nettet no i dag. No skal ikkje eg seie kva eg tenkte høgt då eg såg at saka var meld inn for kontrollutvalget. Eg reknar med at kontrollutvalget vil gi eit klokt svar. Men på meg virkar det som ei «førstereisgutgreie».