Lesarbrev

Den viktigaste dugnaden

Barn utenfor et telt i Petra på øya Aegan på nordøstre del av Lesbos i Hellas.   Foto: AP Photo/Panagiotis Balaskas

Leserbrev

Det er mykje snakk om dugnad for tida. Det er eit ord dei aller fleste har eit forhold til, og som sitt djupt i den norske folkesjela. Men det er éin dugnad Norge er dårleg til å stille opp på, kanskje ein av dei aller viktigaste dugnaden av alle..

Det er heilt ufatteleg å sjå kva slags forhold flyktningane i Morialeiren i Hellas lever under. Dette er eit mottak med kapasitet på 3000 menneske. No har talet passert over 20.000. Situasjonen er ekstrem, og har sjølvsagt tilspissa seg med den utryggheten koronaviruset fører med seg. Regjeringa sitt svar har så langt vore å etterlyse langsiktige løsningar, men no er den humanitære krisa så prekær at den krever umiddelbar handling. Her må Norge også bidra. Det er no vi må vise kva vi som nasjon er skapt av og kva vi meiner med at dugnad er Norges nasjonalord.

Fleire europeiske land og EU-kommisjonen har i samarbeid med greske styresmakter og FNs høykommisær tatt initiativ for å hente ut einslege barn og unge frå Moria. Det at tilhøva er like ille i andre delar av verda, kan ikkje hindre oss i å oppfylle den europeiske menneskerettighetskonvensjonen på europeisk jord.

Oppropet «evakuer barna fra Moria no» starta som eit initativ frå sjukepleiar og artist Marthe Valle og Katrin Glatz Brubakk; barnepsykolog og feltarbeidar for Leger uten grenser. No har nærmare 50.000 signert oppropet, og organisasjonar som Røde Kors, Redd Barna og Norsk Folkhjelp har slutta seg til.

Rauma kommune må gjere det vi kan, nemleg å fatte eit vedtak som er med på å støtte oppropet om å evakuere Moria. Slik kan vi vere med å legge press på regjeringa og påvirke at dei svarer positivt på ropet om hjelp frå Hellas. Over 80 kommunar over heile landet har på denne måten signert oppropet, og no må Rauma også finne sin plass på lista.

Forslag til vedtak: Kommunestyret i Rauma ønskar å vise solidaritet og vere med som pådrivar for at menneskerettighetar blir haldne i europeiske flyktningleirar. Vi støttar oppropet om å evakuere barn og unge frå Moria.

Tilleggsforslag: Rauma bør ha kapasitet, kompetanse og hjerterom for å ta imot fleire flyktningar enn det vi gjer i dag. Administrasjonen blir bedt om å utrede mulegheitene for at Rauma kjem i posisjon til å bistå med sine ressursar og til å ta imot barn og unge i framtida.