Lesarbrev:

COVID-19 kan bekjempast dersom alle bidrar

Covid-19 kan bekjempast, meiner Jan Peter Valde. Bildet er tatt ved eit anna høve.  Foto: Evy Kavli

Leserbrev

Etter siste dagars hendelsar gjer ein seg nokre betraktningar angåane folks reaksjon på regjeringa sine tiltak for å begrense spreiinga av korona-viruset. Endelig har fagfolka begynnt å ta innover seg at viruset faktisk kan bekjempast og ikkje berre begrensast. Ein må difor ikkje slakke på tiltaka no.

All ære til kommunelegane i fylket som begrensa innreise til fylket frå personar som ikkje har bustad i fylket, og 14 dagars karantene for alle tilreisande frå fylka sør for oss. Påska nærmar seg og presset frå turfolket blir stort. Mange vil strekke strikken så langt dei kan, for å tilfredsstille sine eigne behov for hytteliv, topptur og anna rekreasjon. Eg er usikker på om alle skjønar kvifor regjeringa har innført ulike tiltak, som etter mi meining er for svake.

Kvifor skal ikkje folk få reise på hytta i påska?

Dette er det to grunnar til. Den eine grunnen, som alle media fokuserer på, er kapasiteten til helsepersonell i kommunar med få fastbuande, men mange hyttefolk på ein gong. Dette er viktig, men ein annan grunn, som er minst like viktig er å hindre smittespreiing. Ta Bjorli for eksempel, her kjem det folk frå Oslo, Lillehammer, Trondheim, Ålesund og Sunnmøre, Molde…… Når så mange personar frå ulike delar av landet kjem til same plassen, vil ein eller fleire personar ha smitten med seg. Den som har vore på kolonialbutikken på Bjorli i 4-tida ein laurdag eller søndag, veit kva trengsel det er, med svette turfolk i kø ved kassa. Ein perfekt plass å utveksle virus. Etter nokre dagar på Bjorli er mange hyttefolk på veg heim igjen med virus i kroppen, klar til å bringe smitten vidare. Mange treng kanskje å gå inn på offentleg toalett undervegs. Dei fleste vil forstå at i slike tilfelle blir det umuleg å spore smitten, og sjukdommen vil spreie seg ukontrollert. Konklusjonen er etter mi meinig enkel: All fritidsreise må opphøre, iallfall til langt over påske. Sist laurdag var det så mykje folk på ein fjelltopp i Romsdalen at fleire snudde fordi det vart for trongt på toppen! Tett samling av turfolk på eit lite toppunkt kan også være ein perfekt plass å utveksle virus på.

Hytteturen kan vente til epidemien er under kontroll. 2020 var det året mange måtte finne ein alternativ måte å feire påske på, og det må vi tåle.

Så har eg lyst å komme med eit råd til deg som må i butikken for å handle mat. Gå med god avstand til andre personar. Gjerne meir enn 2 meter. Gå roleg og ikkje snakk. Det er nemleg når vi snakkar at vi spreier mest smitte. Ikkje treng deg på bakfrå når du kjem til kassa. Det blir ikkje snarare din tur for det. Det er dessverre alltid nokon som vil tøffe seg og vise at dei ikkje bryr seg. Til deg vil eg sei at sjølv om du ikkje bryr deg, kan det hende at andre i butikken er engstelige for å bli smitta. Det er di plikt å ta hensyn til desse. Dersom du ynskjer å prate med dei du møter i butikken, så gi eit tegn og så tek de praten etterpå når de kjem ut på parkeringsplassen i god avstand til andre. Dette handlerådet er så enkelt og billig at det fins ikkje ein einaste grunn til ikkje å rette seg etter det.

Til slutt vil eg ynskje alle ei god påske. Dersom alle bidrar vil påska kunne bli ei god påske for alle.

Jan Peter Valde er epizootiveterinær i Mattilsynet og har mastergrad i epidemiologi frå University of California, Davis. Innlegget er sendt inn som privatperson og ikkje på vegner av Mattilsynet.