Lesarbrev

«Sørheim og Sp bør be innbyggjarane om unnskyldning»

Frank Sve.  Foto: Per-Kristian Bratteng

Leserbrev

Eg og Frp har vore skråsikker heilt sidan oktober i 2019, «at fylket lever i sus og i dus og har meir enn nok pengar til å hindre takstaukar på ferjer samt kutt i vidaregåande skule»

Jøye meg kor uansvarlege vi var, Kristin Sørheim var som vanleg den som gjekk fremst i køa for å kritisere meg og Frp for at vi fremma framlegg om null kutt i vidaregåande skular og inga takstaukar for ferjene, og ikkje bruk av Autopassdirektivet.

Kristin Sørheim og Sp bør no be innbyggjarane og spesielt våre ungdommar, om unnskyldning for all urett dei har påført, ho og resten av fleirtalet i fylkestinget som har ansvaret for skolekutta og auka takstar på ferjene. Det er rett og slett ei stor skam, at mengder av elevar her i fylket har fått øydelagt sine skuletilbod og har måtte flytte på hybel, alt basert på ein gedigen bløff!

Eg, Anne Marie Fiksdal og Geir Stenseth fremma framlegg om å kutte ferjetakstauken i sist fylkesutval, men vart igjen nedstemt. Dette var etter at alle fekk informasjonen om 313,5 mill. kr i overskot.

Vi har levert ein interpellasjon til fylkestinget i april, der kravet på nytt er å fjerne dei to takstsonene, og gå tilbake til Riksregulativet. Vi fremmar også ein interpellasjon om å reversere alle kutta i den vidaregåande skulen her i fylket. Då får vi verkeleg sjå kven i fylkespolitikken som faktisk bryr seg om innbyggjarane og ungdommen vår.

Ser at Anders Riise no har begynt å sjå lyset, om Torgeir Dahl som styrer Høgre gjer det same står igjen å sjå. Torgeir Dahl var svært så tydeleg i fylkesutvalet på at ingen ting kunne endrast, og dette var etter informasjonen om overskotet var gjort kjent.

Vi får sjå, når eg høyrer på Kristin Sørheim og Tove Lise Torve, så har eg ikkje mykje håp, dei seier:

  • ingen kritikk til fylkesrådmannen
  • kutta som er gjennomført var nødvendig
  • fylkeskommunen er underfinansiert

Alle andre tar feil, vi har rett, seier Kristin Sørheim eigentleg i klartekst!

Kva dei har fått i seg det siste halvåret veit ikkje eg, men at nokon snart må fortelje Kristin Sørheim spesielt kva oppgåver ho og resten av fylkestinget eigentleg har, er openbert nødvendig. Fylkestinget skal sørge for å nytte dei midlane som staten fører over, til å skape best moglege tenester for innbyggjarane og næringslivet i heile fylket. Då kan ikkje Sørheim og Torve radbrekke vidaregåande skule og gjere ferjedrifta svindyr, og samtidig gå med 313,5 million kroner i overskot. Dersom dei forsvarar dette, har dei ingen verdas ting å gjere som folkevalde for innbyggjarane her i fylket!

Frp krev at overskotet vert nytta til å ta ned ferjeprisane med to takstsoner umiddelbart, og at skulekutta i vidaregåande skulane her i fylket vert reversert like umiddelbart!