Lesarbrev

Eit godt og klokt vedtak om mobbing i Rauma-skulen

Nils Valde.  Foto: Stein Siem

Leserbrev

Eg har den siste tida lese ei bok som heiter: «Lurt av læreboka». Det er ei interessant bok, men også litt skremmande. Det viser her kor lett det er å ta feil.

Skolen får en ansatt som bare skal jobbe med mobbing

Rauma får en ansatt som kun skal jobbe med å bekjempe mobbing i skolen.


Forfattaren tek for seg ein del lærebøker, særleg historiebøker, både for grunnskulen og vidaregåande skule. Det blir der vist kor feil det kan bli framstilt dersom forfattaren legg einsidig vekt på spesielle ting i samtida, som forfattaren meiner er viktig og rett utan å undersøke andre kjelder.

– Noe må skje nå, ikke om et halvt år

– Det er bra at politikerne vil gjøre noe for å stanse mobbingen. Men jeg blir ikke imponert når vi må vente et halvt år på at de skal ansette et mobbeombud.


Det som skremmer endå meir er kor vanskeleg det er å få rette feil. Forlag som blir gjort merksame på feil, trykker likevel nye opplag med dei same feila.

Vi har også i det siste hatt ei sak om ny folkehøgskule på Sjøholt der ei avis greip fatt i eit verdidokument som ikkje fanst. Andre greip fatt i dette utan å undersøkje dette nærare. Etter kvart gjekk det landet rundt som den «spikra» sanning som gode nyheiter.
Her har vi dei siste dagane hatt saka om mobbeombod. Som gammal skulemann, har eg lese innlegga med interesse. Eg må seie at eg har hatt sympati for ein del av dei innvendingane som har kome fram.

Men feilen har vore at eg har lese berre det som har kome fram i avisinnlegga under ordet fritt. Eg kjende ikkje heile saka. Då ser ein kor gale det kan gå.

«Helsesista» kom på besøk til kulturhuset:

– Våg å være deg selv

Torsdag fikk ungdomstrinna i Rauma besøk av «Helsesista» på Rauma Kulturhus. Her ble de oppfordra til å tørre å være seg selv, og til å oppmuntre andre.


Så finn eg fram heile vedtaket og ser at det er eit heller langt vedtak som består av fem punkt. Avisskrivarane har berre gripe fatt i eitt av dei fem punkta, og ein kan forstå at dette er heile saka. Då ser ein kor feil og ubalansert det kan bli.

Summa summarum må eg seie at det var eit godt, og eg ville legge til klokt vedtak som vart gjort i kommunestyret.
Det er synd at dette problemet skal vere så stort i Rauma-skulen, det er vondt å tenkje på dei som må lide under dette. Det er difor heilt nødvendig at ein set inn ressursar for å luke ut denne utingen.

Leserbrev

"Vi har en naturlig plass hos elevene, og må regnes med fra politisk hold - før det ansettes et mobbeombud"

"Vi har en naturlig plass hos elevene, og må regnes med fra politisk hold - før det ansettes et mobbeombud. 


Men problemet må løysast på den enkelte skulen, noko som vedtaket som kommunestyret gjorde legg til grunn.