Leserbrev

Mobbing og mobbeombud i Rauma

"Vi har jobba med forebygging og klassemiljø i MANGE år no – likevel går tala på elevar som føler seg mobba opp. Derfor må vi tenke nytt"

Magnhild Vik.  Foto: Arnt Øyvind Siem

Leserbrev

Sidan vi i kommunestyret den 12. februar gjorde vedtak om å tilsette/ omprioritere ein person til å arbeide med mobbing frå 1. august 2020, så har det komme mange reaksjonar!

Frå PPT: Pedagogisk Psykologisk tjeneste, FAU: Foreldrenes Arbeidsutvalg, leder i Ungdomsrådet, Skolehelsetjenesten i Rauma, Tverrfaglig helsestasjon, Familieteamet, tidlegare rektor og politikarar i Rauma, Mobbeombud i Møre og Romsdal Kristin Øksenvåg og elev- og læringsombud i Møre og Romsdal Tove R. Stranden.

Mange er negative til vedtaket, og enkelte stiller til og med spørsmål om vedtaket er gjort basert på forskning og erfaring.

Først vil eg sitere vedtaket, slik at det ikkje er noko tvil om kva som står der:

12.02.2020 Kommunestyret KS - 09/2020 VEDTAK:

1. Kommunestyret tar Statusrapport på skolens arbeid med trivsel og mobbing i grunnskolen i Rauma til orientering. Rapporten gir god oversikt over resultatene etter at elevundersøkelsen 19/20 er gjennomført i grunnskolen.

2. Kommunestyret legger til grunn en kontinuerlig fokus på elevenes læringsmiljø, og at skolene arbeider etter de planene og årshjul de har for det forebyggende arbeidet mot mobbing. Det skal være nullvisjon på mobbing i Rauma.

3. Kommunestyret legger til grunn at resultatene fra elevundersøkelsen legges fram for FAU eller samarbeidsutvalget på den enkelte skole i løpet av våren, primært før påske. Det forutsettes at FAU og/eller samarbeidsutvalget på den enkelte skole bidrar i det forebyggende arbeidet mot mobbing og er deltakende i fremming av et positivt skolemiljø på den enkelte skole. Skolene og de ansatte skal erkjenne at foresatte er en stor ressurs i arbeidet for et positivt og inkluderende skolemiljø.

4. Rauma kommune vil ansette/omdisponere en person som skal dedikeres arbeidet mot mobbing i Raumaskolen. Vedkommende starter arbeidet senest 01. august 2020.

5.Rektor må sørge for at alle som arbeider på skolen vet at de har plikt til å gripe inn ved mobbing, og at de vet hvordan de skal gjøre dette.

Likeså hvordan en følger opp mobbesaker ved å bruke etablerte ressurser, kunnskap, prinsipper og verdier som er utviklet og anerkjent av kompetente fagmiljøer i kommunen.

Diskusjonane har også sjølvsagt gått på sosiale medier, og her må eg vere enig med Øyvind Hovde, H: Det ser ut som om mange ikkje har lest vedtaket vi har gjort.

Dei fleste kommentarane dreiar seg om punkt 4, der vi vil tilsette eller omdisponere ein person som skal fokusere på arbeidet mot mobbing i Rauma. Vi som kommunestyre er skuleeigar. Det er vi som har det overordna ansvaret for at alle skal ha det bra på skulen i Rauma. Vi har lest resultata kvart år, og no er tala høgare enn før. Dette er noko eit samla kommunestyre er bekymra for, og fleirtalet av oss gjekk for denne formuleringa. Det betyr ikkje at dei som stemte mot er ueinige i målet, men dei ville heller ha eit anna middel.

Men ALLE er einige i at mobbing vil vi ikkje ha!

Innhaldet i stillinga er ikkje bestemt. Eg hadde eit forslag om at vi skulle samordne alle ressursar vi har for å sjå på problemet, men i det mangla det handling og tidfesting. Forslaget som vart vedtatt, foreslått av Lars O. Hustad, hadde både eit mål, handling og tidfesting – altså eit meget konkret forslag.

Det er ikkje slik at det ikkje blir arbeidd mot mobbing i Raumaskulen. Lærarar og assistentar som er blant elevane kvar dag tek tak i problem – kvar dag! PPT og anna hjelpeapparat, skuleleiing og foreldre kjempar ein kamp kvar dag for å hjelpe dei som er ramma! Men likevel ser vi at tala stig i Rauma. Då må vi tenke nytt. Kanskje kan personen – som er kalla mobbeombud i media – vere den som til dømes

  • Samlar alle gode krefter på tvers av etatar
  • Går inn i saker
  • Leiter fram verktøy til bruk for lærarar i klasserommet og foreldre på fritida
  • Motiverer og skolerer lærarar
  • Klargjer regelverk og lovverk
  • Er idebank, problemløysar
  • Samlar erfaringar til nytte for alle

Vedtaket vi gjorde i kommunestyret er basert på rapporten vi fekk til møtet den 12. februar. Spesielt har det frå PPT komme kritikk mot opprettinga av stillinga, og vil heller ha styrka tiltak som allereie er der. Dei skreiv riktignok innlegget sitt før vedtaket i kommunestyret vart gjort, så mange av momenta PPT kom med var med i vedtaket vårt: Fokus på forebyggende arbeid og bruk av kompetanse som allerede finnes i kommunen. Vi har jobba med forebygging og klassemiljø i MANGE år no – likevel går tala på elevar som føler seg mobba opp. Derfor må vi tenke nytt. Det er tilsettingsstopp i kommunen, så sjølv om vi kan ønske oss fleire vaksne i skulen så er det ikkje økonomi til det no.

Til slutt vil eg trekke fram oss foreldre. Vi må snakke med barna våre og vere forbilder. Spør ungdommane om korleis dei har det i kvardagen. Kjenner dei nokon som ikkje har det bra? Veit dei om ting som skjer? Er dei vaksne på skulen opptekne av problemet, veit dei kva som foregår? Alle i klassen veit. Og i alle klasser finst det minst ein. Snakk om det!

Det er ikkje alltid den opplagte plaginga eller å få bank som er verst – å vere den som ikkje blir invitert i bursdag, den som får ekle meldingar eller den som ingen vil ligge i telt med på klasseturen kjem i samme kategori.

Vi må bygge opp barna si tru på seg sjølv, og evnen til å sette seg inn i andre sin situasjon! Den som er trygg på seg sjølv treng ikkje tråkke på andre for å hevde seg.