Lesarbrev

Meir berekraft?

"Mykje av dette er uten innhold for det kan ikkje kombineres med måla om stadig vekst, større økonomisk utbytte og meir sentralisering"

Torbjørn Bruaset fikk åtte kroner for en hel sau.   Foto: Stine Vandevjen Olsen

Leserbrev

Ordet berekraft dukkar stadig opp i nesten alle samanhengar. Alt skal bli meir berekraftig. Fylkeskommunen er blitt det. No skal også kommunen bli det samme. Mykje av dette er uten innhold for det kan ikkje kombineres med måla om stadig vekst, større økonomisk utbytte og meir sentralisering.

Fergeopprøret som no rasar langs heile kysten er eitt resultat av at fergedrifta skulle bli meir berekraftig. Heile fergeflåten som gjekk på fossilt drivstoff måtte skiftas ut. Nye ferger måtte ha nye kaier over alt. Dei nye kaiene måtte ha store mengder med straum, så det måtte byggast nye kraftlinjer.

Alt dette blir så dyrt at det ikkje blir råd til mannskap på fergene. Så for å få inn billettpengane må det etablerast andre ordningar, Autopass og brikke. Alt dette blir så kostbart at prisen for å bruke fergene må kraftig opp, og mange ruter blir redusert eller nedlagt. Er dette berekraftig?

Bygging av nye vegar skal bli meir berekraftig. Det skal skje ved at lokaldemokratiet blir sett til side. Gardsbruk blir rasert, hus og heim må rivast, kulturminner av nasjonal verdi blir rasert og unik natur påført stor skade. Etter mitt syn ikkje berekraftig.

Landbruket skal bli meir berekraftig. Det skjer ved at dei fleste gardsbruka blir lagt ned, det er berre att 2 – 3 i kvar bygd. Dei få som er att skal være så store at dei må hente mykje av foret langt borte. Rått gras og våte rundballar blir frakta mange mil på spesialbilar. Gjødsla som har 3-4 % tørrstoff må fraktas ut med andre spesialbilar. Bilane må leigast inn langveis frå.

Kvar ku skal helst mjølke 10000 kg. for året. Då er det behov for store mengder kraftfor av høg kvalitet. Dette blir frakta hit frå Brasil. Urbefolkninga i Brasil brenner så ned regnskogen for å dyrke soya for salg til Norge som brukar milliardbeløp på oppkjøp av mjølkekvotar for å få ned produksjonen. Er dette berekraftig?

Store mengder fisk som er henta opp av norske båtar på hava våre, blir frakta med fly til Kina for å bli bearbeidd og frakta tilbake med fly. Neppe berekraftigt dette heller.

I januar kvart år samlast statsleiarar og store mengder av verdas rikaste folk i Davos, men dei reiser ikkje i flokk eller kollektivt, men i sine eigne private jetfly. Også desse har teke til å snakke om berekraft, men det dei er opptekne av, er korleis dei kan unngå å tape økonomisk på det som skjer.

Ein av Norges rikaste forretningsmenn vart interjuva frå Davos. Han forsikra at han var sterkt oppteken av dette med berekraft. Kort tid etterpå var han på skjermen att, no stod han inne i den store «vinterhallen» som er bygd for å kunne drive vintersport heile året. Dette likte han godt, og kanskje kunne det bli lønnsomt også.

For få kveldar sidan fekk eg besøk av ein sambygding som var litt oppgitt. Han hadde fått varsel om at han måtte betale over 1200 kr. for renovsjon på fjellhytta si. Frå før betalte han både E-skatt og for feiing. Nabohyttene slapp desse utgiftene fordi kommunen ikkje visste kven eigaren er.

Feieavgifta hadde han betalt i mange år, men feiaren har aldri dukka opp. Så no ville han ta ned ovnsrøyret, bere det ned frå fjellet og frakte det til feiaren på Åndalsnes for feiing, bere det til fjells att, og få det på plass.

Dette er berekraft!