Lesarbrev

Tek du ikkje litt hardt i no, Torbjørn Bruaset?

Øystein Talberg  Foto: Evy Kavli

Leserbrev

Tek du ikkje litt hardt i no, Torbjørn Bruaset? Du hevdar mellom anna at frå gamalt av låg heile Svartevatnet i Voll kommune. Med respekt å melde; her trur eg du tek feil, i alle fall om ein legg grunneigargrenser til grunn. Gjennom alle mine år som fast turgåar til Svartevatnet har mange eldre personar enn meg fortalt at grensa mellom grunneigarar på Vågstranda og i Måndalen delte vatnet omlag i to. Frå Romsdalsfjorden gjekk grensa etter Stolssvaet opp til Blåstolen, deretter i sørkant av Trollstolen. Derifrå gjekk den ned til Moskaret, eller Vågsskaret som det vert kalla i Måndalen. Derifrå vart eg fortalt at den gjekk langs høgdedraget som heiter Langfjellet. Frå Langfjellet gjekk grensa ned på Teppinga, omlag der Tørlå renn ut retning Modalen og Måndalen. Kvar grensa gjekk derifrå var det litt delte meiningar om. Men dei fleste hevda den gjekk retning Svartevasstinden; med det vart vatnet delt omlag i to mellom bygdelaga. Torbjørn, du hevdar også at all avrenning frå Svartevatnet går retning Måndalen. I dagen, kanskje eit tja. Men det kjem vatn frå Svartevatnet ut av grunnen minst tre stader også på Vågstranda-sida - til dels mykje vatn til og med. Mellom anna blir deler av Reistadelva forsynt med vatn frå Svartevatnet; det same gjeld Vågselva. Reistadelva er som kjent drikkevasskjelde for nesten heile Vågstranda. No er det vel aldri fare for noko tørrlegging av kranane det vere seg i Måndalen eller på Vågstranda om Svartevatnet skulle bli liggande her eller der i kommune-Norge; til det er tilsiget for omfattande undervegs langs både Reistadelva og Tørlå. Det er uansett ikkje naudsynt å lage ei kampsak av dette. La Svartevatnet vere eit grensevatn mellom bygdelag og kommunar. Og fjellet, det er vel fritt for alle - er det ikkje.