Leserbrev

Stifta laget i 1960, har halde det gåande sidan

Nils Valde.  Foto: Privat

Leserbrev

Laget vart stifta 29. januar 1960 og har halde det gåande alle år sidan.

Då laget vart stifta gjekk skuleelevane på Sandnes skule. I største klassa gjekk 6. og 7. årskull saman. Vi ville difor ikkje splitte klassa, slik at dei fekk vere med frå og med 6. årskull. Det er same alderen som dei har i 7. klasse no. Dette har vi halde fast på alle år sidan. Det har fleire gongar vore press om at dei skulle få begynne før. Men dette har vi halde fast på, for ikkje å misse nokon av dei eldste.

Det har variert med alderen, somme år var det mange som var ferdige med grunnskulen som har vore med. Det ser ut når ein ser på medlemslistene, at dei har dei vore med stort sett i fire år. Somme har vore innom berre i kort tid. Vi har også dei som har vore med på alle møte i fem år.

Dei første åra vi heldt på, var det ikkje noko anna tilbod for denne aldersgruppa. Somme år kunne det vere over 30 ungdommar til stades. Men det har vore tider då det har vore ganske få. Det har gått i bølger. I år har vi 15 betalande medlemmer. Vi har dei siste åra vore påpasselege med å ta inn medlemspengar. Vi får frifondpengar etter kor mange betalande medlemmer vi har.

Somme av dei som er med i dag, hadde foreldre og besteforeldre som medlemmar den første tida.

I starten hadde vi ein heil del med hobbyarbeid. Det var arbeid med peddik, strie og filt, halmarbeid, lage ting av kleklyper, støyping i gips og anna.

Vi legg mykje vinn på det sosiale fellesskapet. Det viktigaste er at vi skal ha det kjekt i lag. Det har synt seg at det er mange som har sett pris på dette tilbodet.

Fredag 31. januar vil vi markere jubileet med samling på Sandnes bedehus. Det blir sjølvsagt ope for alle, men vi ville sette stor pris på om mange av dei som var med før, kom og vart med. Kanskje kunne vi få sjå mange foreldre og besteforeldre. Vi vil legge vinn på sosialt samvær slik at ein kan få snakke saman. Litt historikk og ein del gamle bilde slik at somme kan få sjå kor unge vi var.