Lesarbrev

Gi borna ei kvit jul

Nils Valde.  Foto: Privat

Leserbrev

No trudde du sikkert at eg meinte at vi skulle ta til å produsere snø slik at markane og skogen skulle bli kvit. Ja det er fint med ei kvit jul slik også. Men her meiner eg noko som er mykje viktigare.

Her er det snakk om å tale godt om ein aksjon som fleire avhaldsorganisasjonar har gått saman om for å prøve å redusere alkoholforbruket i juletida. Det er nemleg tusenvis av born som gruar seg til jul på grunn av foreldra eller andre vaksne sitt alkoholbruk. Aksjonen går ut på at foreldre og andre vaksne skal skrive under på at dei vil velje alkoholfritt når dei er saman med born i julehelga. I fjor var det 17.000 som skreiv under. Statistikken syner at det blir drukke dobbelt så mykje alkohol i desember som i dei andre månadane i året.

Dette går særleg utover borna. Det skulle vere naturleg at foreldre og andre vaksne valde alkoholfritt når ein er saman med born.

Det ligg også eit stort ansvar på dei som driv serveringsstader at dei kan ha gode alkoholfrie alternativ til dei som ynskjer det. Det er mange gode alkoholfrie alternativ som slett ikkje taper i konkurransen med dei alkoholhaldige drikkene. Ikkje minst er det viktig at dei som driv serveringsstader kan gi skikkeleg orientering til dei som serverer slik at dei kan gi eit skikkeleg svar til gjestane når dei ynskjer alkoholfritt. Det skal ikkje vere slik at det skal vere noko mindreverdig å be om alkoholfritt. Det skulle vere slik at det var heilt normalt å be om alkoholfritt.

Under debatten mellom ungdomspolitikarar på Arendalsveka no sist sommar, kom det fram at ungdommane syntest det var vanskeleg å be om alkoholfritt. Det skulle vere naturleg i alle situasjonar. Festen blir ikkje dårlegare om ein drikk alkoholfritt, snarare tvert imot.

Det som er gledeleg å konstatere er at det er ein klar tendens både i Nord-Amerika og i Vest-Europa at alkoholbruken mellom ungdom har gått ned. Ansvaret ligg på foreldregenerasjonen dersom dette skal få ein framtidig effekt.

Eg skriv dette medan eg ser på skjermen alle protesttoga mot nedlegging av linjer på vidaregåande skular og sløyfing av ferjeturar. Då tenkjer eg på samfunnsrekneskapen som professorar ved HHS i Bergen sette opp. Det viste det blir brukt milliardar av kroner til å bøte på alkoholskadar på mange plan i samfunnet. Hadde dei hatt desse milliardane dei som skal lage budsjett, så hadde det blitt nok til alle.